Peterhead er ein hamneby i Nordaust-Skottland som ligg nord for Aberdeen. Her ligg det store Peterhead kraftverk på 2 102 MW.

Byen er ein av dei austlegaste byane i landet (aller lengst aust ligg Fraserburgh, ein mindre by – like nord for Peterhead). Peterhead har om lag 19 000 innbyggjarar og er ein av dei største fiskerihamnene i Nord-Europa. Byen har vennskapssamband til Ålesund. Særleg har KFUM-speidarane i Ålesund knytt sterke band til speiderrørslas i byen. Peterhead-borgaren Robert (Bob) Simmers har saman med ålesundaren Leif Hovde vore blant dei fremste aktørane i etableringa av venskapssambanda mellom dei to byane.

EU har finansiert ein storstilt oppgradering av sentrumet til byen og gågate.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peterhead» frå , den 27. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Aberdeenshire Kategori:Englandsfarten 1940-45