Rasmus Villads Christian Ferdinand Winther () var ein dansk diktar.
Christian Winther vart fødd på Fensmark Præstegård i Sydsjælland. Han tok teologisk embetseksamen i 1824, og verka deretter som huslærar. I 1830 la han ut på reise til Italia. Han gifta seg i 1848 med Julie Werliin.
Winther skreiv dei første dikta sine medan han studerte teologi, men den eigenlege dikterdebuten fekk han i 1828 med diktsamlinga «Digte». Utgjevinga av «Digte, gamle og nye» eit par år seinare, plasserte han blant dei beste danske naturlyrikarane.
Winther skreiv dikta som Edvard Grieg nytta i sitt Opus 10 (Fire enkle songar med klaverakkompagnement).
Kulturkanonen «Rosa unica» er teke opp i lyrikkantologien i den danske kulturkanonen.
Kjelder
Christian Winther - Biography ved kalliope.org
Denne artikkelen bygger på «Christian Winther» frå , den 28. juli 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kalliope (dikt, portrett, bibliografi og lenkjer)
Kategori:Danske diktarar Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Diktarar frå 1800-talet