Wien-konvensjonen, offisielt Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer, er ein internasjonal miljøkonvensjon til vern av ozonlaget, inngått i 1985 og tredde i kraft i 1988. Han er ratifisert av 197 land og av EU. Konvensjonen var ein forløpar for den meir forpliktande Montreal-protokollen i 1987.

Wien-konvensjonen er ein av dei mest vellukka internasjonale avtalane om ein tel talet på land som har ratifisert han. I 2009 fekk han historisk status då han blei den første konvensjonen av noko slag som blei ratifisert av alle medlemslanda i SN.

Kjelder

Bakgrunnsstoff The Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer. Handbok til konvensjonen ved UNEP. UNEP: The Ozone Secretariat (UNEP). Arkivert nettstad. Ratifiseringar ved treaties.un.org Den engelske teksten til konvensjonen (PDF) Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer ved ECOLEX-the gateway to environmental law Kategori:Avtalar i 1985 Kategori:Miljøvernsavtalar