Thomas Fredrik Georg Funck, ()SvD.se 31. desember 2010: «Grodan Bolls skapare avliden» var ein svensk friherre, barnebokforfattar og kunstnar.

Funck var «pappaen» til figurane Kalle Stropp (ei grashoppe) og Grodan Boll (ein frosk), som dukka opp i barneprogram i Sveriges Radio i 1954. Funck stod sjølv for alle røystene til figurane og sette til lydeffektar. Han framførte også små sjølvskrivne viser om og med figurane i programma. Med åra vart nærare tusen program.

Kalle Stropp och hans vänner vart også laga som teikneserie i åra 1955 til 1960 av Nils Egerbrandt. Funck skreiv sjølv mesteparten av manusa. Serien vart publisert i tidsskriftet Veckospegeln, vekebladet Husmodern og i teikneseriebladet Blondie. Sidan gjekk teikneserien omatt i serieblada Nalle Lufs, Goliat og Bobo och Gnuttarna.

Funck stod også for tekst og musikk til Anita & Televinkens trafikskiva i 1974.

Det vart også laga tre filmar som bygde på historiene hans, Kalle Stropp, Grodan Boll och deras vänner (1956), Kalle Stropp och Grodan Boll (1987) og Kalle Stropp och Grodan Boll på svindlande äventyr (1991).

Funck var far til dokkeskodespelaren Gustav Funck og bror til operettesongaren og regissøren Hasse Funck. Funck var ei tid gift med dokkemakaren og barneprogramleiaren Eva Funck.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thomas Funck» frå , den 3. februar 2012.

Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Svenske skodespelarar Kategori:Svenske filmmusikkomponistar Kategori:Folk frå Linköping