Sir Charles Wheatstone () var ein britisk fysikar.
Han vart professor ved King's College i London i 1834. Han utførte målingar av tidsforløpet av elektriske utladingar ved hjelp av roterande spegel, og gjorde fleire tekniske oppfinningar. Mest kjend er Wheatstones bru for måling av elektrisk resistans. Han konstruerte òg ein maskin for kryptografi, eit stereoskop, elektriske registreringsapparat for meteorologiske instrument og concertinaen, ein type trekkspel. Saman med W. F. Cooke tok han i 1837 ut patent for elektrisk telegraf og konstruerte 1858 ein hurtigtelegraf med holband. Wheatstone reknast som den praktiske grunnleggjaren av moderne telegrafi.
Kjelder
Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Engelske oppfinnarar Kategori:Folk frå Gloucester Kategori:Kryptografar Kategori:Telegrafi Kategori:Britiske ingeniørar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Copleymedaljen Kategori:Fysikarar på 1800-talet