Biel/Bienne er ein by og ein kommune i distriktet Biel/Bienne i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 434 meter over havet.
Han ligg ved språkgrensa og er tospråkleg. Biel er det tyske namnet på byen, medan Bienne er det franske. Han er den største tospråklege byen i Sveits, og den nest største byen i kantonen Bern. Sidan 1. januar 2005 har det offisielle namnet på byen vore «Biel/Bienne».
mini|venstre|Byen Biel/Bienne ved Bielsjøen
Byen ligg ved foten av den første fjellrekkja i Jurafjella ved nordaustbreidda av Bielsjøen. Nabobyen Nidau ligg på austsida av innsjøen. Neuchâtel, Solothurn, og Bern ligg vest, aust og søraust for Biel/Bienne. Dei er alle om lag 30 minuttar unna med anten tog eller bil.
Byen er særleg kjend for urindustrien med selskap som Omega og Certina, elles maskinindustri og ein del turisttrafikk.
Byen har ei kyrkje i gotisk stil frå 1451. Rådhuset er frå 1534.
Byen er godt kjend i sjakkverda for Biel internasjonale sjakkfestival, ei årleg turnering. Magnus Carlsen vann turneringa i både 2007 og 2011.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Biel/Bienne» frå , den 30. august 2011.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Turistsside
Biel internasjonale sjakkfestival
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Bern