Claus Frimann Dahl Clasen () var ein norsk visedikter, underhaldar og moromann i radioen sin barndom. Han var kjend som Lyktemanden.

Av yrke var Clasen assurandør og arbeidde i Storebrand. Seinare stifta han si eiga assuranseforretning.

Då Kringkastningsselskapet A/S tok til med sendingar frå Telegrafbygningen i Oslo i 1925, vart Lyktemanden første moromann i norsk radio. Han fekk eit faste program på ein halv time ein gong i veka. Frimann Clasen skreiv ei mengde revyviser, helst under pseudonymet Lyktemanden.

Lyktemandens vekerevy heldt fram etter at NRK overtok all kringkasting i 1933. Programmet gjekk heilt til 1940. Det inneheldt monologar, og satiriske og humoristiske viser om aktuelle hendingar.

Frimann Clasen var svært produktiv. Han skreiv om lag 3 000 viser for radio frå 1925 til 1940. I tillegg skreiv han ei stor mengd reklameviser, revyviser og slagertekstar. I 1947 trudde han at den totale produksjon var minst 10 000 viser, vers og høvesdikt.

I dag er han mest kjend som som opphavsmannen til «Lykkeliten», ein song han skal ha skrive då ein av hans eigne søner vart fødd.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frimann Clasen» frå , den 6. september 2011.

Bakgrunnsstoff Om Lyktemanden hjå MICs nettavis Teksta til Lykkeliten

Kategori:Norske komikarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske visediktarar Kategori:Norske assurandørar