mini|Thorvald Nilsen vart tildelt Sydpolsmedaljen for deltakinga i Roald Amundsen-ekspedisjonen til Sørpolen Thorvald Nilsen () var ein norsk marineoffiser og polfarar. Han deltok som nestkommanderande på Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon 1910–1913, og var kaptein på ekspedisjonsfartøyet «Fram». Medan Amundsen erobra Sørpolen, leia han eit utbytterikt oseanografisk tokt i Sør-Atlanteren etter at landpartiet var sett i land i Bay of Whales (Kvalbukta).

Nilsen var som torpedobåtsjef i nøytralitetsteneste under første verdskrigen 1914–1918 og vart så utnemnd til adjutant ved 2. Sjømilitære distriktskommando i Kristiansand. 1918 gifta han seg med Frida Lem frå Selje, og to år seinare tok han dispasjøreksamen. Ekteparet flytta til Buenos Aires for godt 1920, etter at Nilsen hadde fått tilbod om ei stilling i firmaet John M. Bugge Assuranse- og Dispachørforretning som havariagent for nordiske selskap. Nilsen overtok firmaet etter Bugge døydde.

Nilsen vart i 1913 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden «for fortjeneste av Roald Amundsens ekspedisjon til Sydpolen som fører av «Fram».»Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847–1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 401. Han vart òg tildelt Sydpolsmedaljen. Nilsen var riddar av den franske Æreslegionen.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Thorvald Nilsen» frå , den 7. september 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske marineoffiserar Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå Kristiansand