Joseph Louis Lagrange (italiensk Giuseppe Lodovico Lagrangia) () vert rekna som ein av dei største av matematikarane på 1700-talet. Han vart fødd i den italienske byen Torino og arbeidde både i Italia og Tyskland, men mest i Frankrike. Han døydde i Paris.
Han var direktør ved institutt for matematikk ved Berlin vitskapsakademi (1766-1787). Han utgav fleire avhandlingar om celestmekanikk, og hovudverket hans er Mêcanique analytique (1788). Her finn ein dei såkalla lagrangeske rørslelikningane for mekaniske system. Han flytta til Paris i 1793 og vart formann for komiteen som utarbeidde det metriske målesystemet.
Lagrange arbeidde òg mykje med talteori og algebra. Han gav fleire viktige bidrag til teorien for differensiallikningar, og likningsteorien hans låg til grunn for undersøkinga til Niels Henrik Abel av femtegradslikninga. Lagrange prøvde å utvikle integralrekninga, men kom ikkje fram til nokre tilfredsstillande resultat på denne oppgåva.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joseph Louis Lagrange» frå , den 17. september 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Folk frå Torino Kategori:Talteoretikarar Kategori:Matematikarar på 1700-talet