«Tin Machine» er ein song som bandet Tin Machine tok namnet sitt frå, eit spor frå debutalbumet deira, som òg har same namn. Han vart gjeven ut på singel i september 1989 som ei dobbel A-side i lag med eit konsertopptak av Bob Dylan-songen «Maggie's Farm».
Songutvikling og konsertopptak I følgje Reeves Gabrels var det Sales-brørne som foreslo å kalle opp bandet etter denne songen. Dei meinte «det er som å ha sin eigen temasong».
«Maggie’s Farm» og dei andre konsertopptaka vart spelte inn på konserten til bandet på La Cigale i Paris den 25. juni 1989. Begge songane hadde musikkvideoar – «Tin Machine» hadde eit klipp frå videoen til Julien Temple som ei liksom-framsyning der fansen stormar scenen, som gjer at Bowie blør naseblod. «Maggie’s Farm» vart spelt inn live. Den doble A-sida nådde 48. plassen på den britiske singellista.
Konsertversjonen av «Bus Stop» (òg gjeven ut som countryversjonen) kom sidan ut som bonusspor på Virgin Records-utgåva av Tin Machine frå 1995.
Innhald 7"-versjonen «Tin Machine» (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 3:34 «Maggie's Farm» (Live) (Dylan) – 4:29
12"-versjonen «Tin Machine» (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 3:34 «Maggie’s Farm» (Live) (Dylan) – 4:29 «I Can't Read» (Live) (Bowie, Gabrels) – 6:13
CD-versjonen «Tin Machine» (Bowie, Gabrels, Sales, Sales) – 3:34 «Maggie's Farm» (Live) (Dylan) – 4:29 «I Can't Read» (Live) (Bowie, Gabrels) – 6:13 «Bus Stop» (Live) (Bowie, Gabrels) – 1:52
Medverkande Produsentar Tin Machine Tim Palmer
Musikarar David Bowie – vokal, gitar Reeves Gabrels – sologitar Hunt Sales – trommer, vokal Tony Sales – bass, vokal
Andre medverkande Kevin Armstrong – rytmegitar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tin Machine (song)» frå , den 11. september 2021. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Tin Machine-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Reeves Gabrels Kategori:Songar frå 1989 Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple