Harry Hole er ein oppdikta detektiv og ein såkalla antihelt i fleire bøker skrivne av Jo Nesbø.

Harry Hole er ein politietterforskar som slit med livet og med alkoholmisbruk, men han er iherdig og gjev ikkje opp i etterforskinga av sakene han har. Bustaden til Harry Hole ligg i tredje etasje i ein bygard i Sofies gate på Bislett i Oslo.Jo Nesbø: Panserhjerte. Oslo, Aschehoug, 2009, side 45. I periodane med alkoholproblem, er Harry stamgjest på Restaurant Schrøder.

Bøker Nesbø har så langt skrive tretten bøker om Hole. Desse bøkene er:

Flaggermusmannen (1997) (Rivertonprisen, Glassnøkkelen) Kakerlakkene (1998) Rødstrupe (2000) (Bokhandlerprisen, Tidenes beste kriminalroman, kåra i Nitimen) Sorgenfri (2002) Marekors (2003) Frelseren (2005) Snømannen (2007) Panserhjerte (2009) Gjenferd (2011) Politi (2013) Tørst (2017) Kniv (2019) Blodmåne (2022)

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Harry Hole» frå , den 3. oktober 2011.

Kategori:Jo Nesbø Kategori:Oppdikta nordmenn Kategori:Oppdikta detektivar Kategori:Folk i kriminallitteratur