Delémont er eitt av tre distrikt i kantonen Jura i Sveits. Distriktet hadde 36 031 innbyggarar i 2010, og dekker eit areal på 303 km². Distriktet har namn etter hovudstaden Delémont. Delémont grensar til Frankrike og kantonane Basel-Landschaft og Solothurn i nord, og til kantonen Bern i sør.

Distriktet Delémont omfattar 19 kommunar. Omframt hovudstaden er kommunen Bassecourt den einaste som har meir enn 3 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Boécourt, Bourrignon, Châtillon, Courchapoix, Courrendlin, Courroux, Courtételle, Delémont, Develier, Ederswiler, Haute-Sorne, Mervelier, Mettembert, Montsevelier, Movelier, Pleigne, Rossemaison, Saulcy, Soyhières og Val Terbi.

Heile distriktet er franskspråkleg, med unnatak for den vesle kommunen Ederswil, der tysk er talemål.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Delémont District» frå , den 8. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Distrikt i Jura