«Wild One» eller «Real Wild Child» er ein australsk rock and roll-song skriven av Johnny Greenan, Johnny O'Keefe og Dave Owens. Sydney-dj-en Tony Withers vart godskriven fordi han hjelpte til med å få songen spelt på radio, men seinare utgjevingar har ofte utelate namne til Withers.
O'Keefe var den første artisten som spelte han inn, på debut-EP-en Shakin' at the Stadium, som kom ut på Festival i 1958. Denne versjonen, som tilsynelatande vart spelt inn på eit stadion, vart i røynda spelt inn i studio og lyden av publikum vart lagt på sidan. Han er forskjellig frå versjonen gjeven ut i USA og Storbritannia. «Wild One» vart òg gjeven ut som «Real Wild Child» i USA på Brunswick og i Storbritannia på Coral.
Songen var den første australske rockeinnspelinga som nådde den nasjonale singellista med ein 20. plass som høgaste plassering.
Andre versjonar I 1958 vart songen gjeven ut som singel av Jerry Ivan Allison, eit medlem av The Crickets, som nytta namnet Ivan. Han vart då kalla «Real Wild Child», og vart ein liten hit som nådde 68. plass på Billboard Hot 100.
«Wild One» vart òg spelt inn av Jerry Lee Lewis i 1958, men ikkje gjeven ut før i 1974 på albumet Rockin' and Free. Songen vart spelt inn og gjeven ut som «Real Wild Child» av Jet Harris, tidlegare bassist i The Shadows, i 1962 på debutsingelen hans. «Real Wild Child (Wild One)» vart spelt inn av den britiske gitaristen Albert Lee i 1982.
I 1986 spelte Iggy Pop inn ein versjon på Blah Blah Blah. Denne vart kalla «Real Wild Child (Wild One)»,ABC RADIO (japan) program "makoto no psychic seinen-dan" (makoto's psychic youth) OP Theme 1988-2009 og gjekk til 10. plass på den britiske singellista i januar 1987. På Billboard si Album Rock Tracks nådde 27. plass. Iggy Pop-versjonen vart nytta i Crocodile Dundee II, Adventures in Babysitting, Problem Child og oppfølgjaren Problem Child 2.
Songen vart sidan spelt inn av Billy Idol i 1987, og Lou Reed i 1993. Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Status Quo, Everlife, Joan Jett & The Blackhearts, Glamour Camp, Marshall Crenshaw, Brian Setzer, Teenage Head, Albert Lee og Wakefield.
Norske Vazelina Bilopphøggers spelte i 1996 inn ein versjon av songen med norsk tekst kalla «Villmænn» på albumet Hææærli' På Toppen Ta Væla.
Popkultur Datoen singelen vart gjeven ut, 5. juli 1958, vert rekna som fødselsdagen for australsk rockemusikk. The Jet & Iggy Pop spelte inn ein versjon av songen i 2008 for å markere 50-årsjubileumet til songen.
Iggy Pop-versjonen vert nytta som kjenningsmelodi i Australian Broadcasting Corporation sitt musikkprogram rage.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wild One (Johnny O'Keefe song)» frå , den 21. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Australske rockesongar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Billy Idol-songar Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Vazelina Bilopphøggers-songar