mini|Frå ein Château de Fieuzal-vinkasse. Château de Fieuzal er ein bordeauxvin frå Pessac-Léognan-appellasjonen, rangert mellom Premiers Crus for raudvin i klassifikasjonen av Gravesvin frå 1953 og 1959. Slottet produserer òg kvitvin som ikkje er klassifisert. Vinkjellaren og vinmarkene ligg sør for byen Bordeaux, i kommunen Léognan. Slottet har sidan 2008 nytta satellitt til å planlegge innhaustinga.http://www.frenchwinenews.com/chateau-de-fieuzal-under-the-satellite/
Historie Château de Fieuzal er eit gammalt slott som ei gong i tida høyrde til familien La Rochefoucauld. Det var svensken Erik Bocké, som var gift med slottsarvingen Odette etter andre verdskrig, som gjorde vinene frå slottet kjent. Château de Fieuzal vart overtatt av Lochlann og Brenda Quinn i 2001.
Produksjon Vinmarkene dekker 48 hektar, 39 hektar med raude vinstokkar med 60 % cabernet sauvignon, 33 % merlot, 4,5 % Cabernet Franc og 2,5 % petit verdot. Dei kvite vinstokkane dekker ni hektar med like delar av sémillon og sauvignon blanc.
Av Grand vin Château de Fieuzal og andrevin L'Abeille de Fieuzal er den typiske årlege produksjonen på 13 000 kassar raudvin og 4 000 kassar av tørr kvitvin.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Château de Fieuzal» frå , den 29. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Château de Fieuzal offisielle heimeside Château de Fieuzal foto galleri
Kategori:Vinprodusentar i Bordeaux