Kilmarnock er ein by i regionen East Ayrshire i Skottland. Han har kring 45 000 innbyggjarar og er administrasjonsbyen for regionen. Kilmarnock ligg mellom Glasgow og Ayr.
Dei tradisjonelle næringsvegane har vore teppe og andre tekstil. Byen er kjent for fengselet sitt, HMP Kilmarnock og for å vere heimbyen til whiskyprodusenten Johnnie Walker. Fotballaget til byen er Kilmarnock FC.
Den skotske diktaren Robert Burns utgav det første verket sitt, Poems, i Kilmarnock i 1786. Denne svært ettertrakta førsteutgåva er difor kjent som Kilmarnockutgåva.
I Dean slott, som ligg i byen, er det ei kjend utstilling av antikke musikkinstrument.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kilmarnock» frå , den 27. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i East Ayrshire