Charles Fefferman () er ein amerikansk matematikar.
Fefferman er vorte skildra som eit matematisk «vedunderbarn» og meistra til dømes differensialrekning då han var 12 år gammal. Mastergraden fullførte han med høgaste karakter ved University of Maryland i 1966, 17 år gammal og han tok doktorgraden ved Princeton University i 1969.
Han underviste ved Princeton eitt år og frå 1970 til 1973 var han ved University of Chicago. I 1971 fekk han full professorstilling, som den yngste gjennom tidene i USA. Han kom attende til Princeton University i 1973. I 1978 mottok han Fields-medaljen for resultata sine innan matematisk analyse. Han har særleg arbeidd med fourieranalyse, funksjoner med fleire komplekse variablar og partielle differensiallikningar.
Kjelder Charles Fefferman. (2011-11-01) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Charles_Fefferman
Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Fieldsmedaljen Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet