Tomintoul (skotsk gælisk Tom an t-Sabhail, «Låvehøgda») er ein landsby i regionen Moray i Skottland. Han har kring 300 innbyggjarar. Det er den høgastliggande landsbyen i Det skotske høglandet, men på 345 moh ligg han likevel langt lågare enn den høgastliggande i Skottland, Wanlockhead i Dumfries and Galloway.
Det er ein planlagd landsby, som vart lagt ut av Alexander Gordon, 4. hertug av Gordon i 1775. Dette skjedde som ei følgje av at William Caulfield tjue år tidlegare hadde lagt ein militær veg der, som no er A939. I 1841 budde det 1722 menneske i landsbyen. I 1951 hadde innbyggjartalet falle til berre 531, og ved folketeljinga i 2001 var det 322 innbyggjarar.
Landsbyen inngår i Whisky Trail.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tomintoul» frå , den 2. november 2011.
Kategori:Byar og landsbyar i Moray