Erik Ivar Fredholm () var ein svensk matematikar.

Han var elev av Magnus Gustaf Mittag-Leffler og vart i 1898 dosent og i 1906 professor i mekanikk og matematisk fysikk ved Stockholms högskola. Dei første arbeida til Fredholm dreidde seg om differensiallikningar og eigenskapane til potensrekkjer. Fredholm er derimot særleg kjend for dei banebrytande arbeida sine over løysinga av integrallikningar. Ei rekkje problem i bruksmatematikk kan førast attende til slike likningar, som i sin enklaste form først vart studert av Niels Henrik Abel.

Eit krater på månen er kalla opp etter han.

Kjelder Erik Ivar Fredholm. (2011-11-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Erik_Ivar_Fredholm

Kategori:Svenske matematikarar Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Matematikarar på 1900-talet