SINTEF er eit forskningskonsern som sel forskingsbasert kunnskap og tilhøyrande tenester basert på innsikt i teknologi, naturvitskap, medisin og samfunnsvitskap. Det fulle namnet var, inntil ei vedtektsendring i 2007, «Selskapet for industriell og teknisk forskning ved Norges tekniske høgskole». I dag er SINTEF det fulle namnet til organisasjonen.
SINTEF er eit av største institutta for oppdragsforsking i Europa. SINTEF er ei ikkje-kommersiell forskingsstifting med dotterselskap. Heile overskotet blir investert i laboratorium, vitskapleg utstyr og ny forsking.
Hovudkontoret ligg i Trondheim, men konsernet har òg ca. 350 tilsette i Oslo. I tillegg har SINTEF verksemd i Bergen, Stavanger, Ålesund, Tromsø og på Raufoss, og kontor i Houston, Texas (USA), Rio de Janeiro (Brasil), og laboratorium i Hirtshals i Danmark.
Organisering
Konsernet består av stiftinga SINTEF og av forskingsakskjeselskapa MARINTEK, SINTEF Energi AS, SINTEF Fiskeri og havbruk AS og SINTEF Petroleumsforskning AS. I tillegg er SINTEF Holding etablert for å skilje aktivitet i grenseland mellom kommersiell verksemd og forsking ut frå kjerneverksemda.
SINTEF er organisert i følgjande konsernområde:
SINTEF Byggforsk SINTEF IKT MARINTEK SINTEF Fiskeri og havbruk AS SINTEF Materialer og kjemi SINTEF Energi AS SINTEF Petroleumsforskning AS SINTEF Teknologi og samfunn
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «SINTEF» frå , den 10. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske teknologiselskap Kategori:Norske stiftingar Kategori:Geovitskaplege forskingsorganisasjonar Kategori:Forskingsorganisasjonar Kategori:Vitskaplege organisasjonar Kategori:Næringsliv i Trondheim Kategori:Skipingar i 1950