«Sorry Seems to Be the Hardest Word» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin. Han vart spelt inn av Elton John og utgjeven i 1976, både som singel og på albumet Blue Moves. Det var den andre singelen hans på Rocket Records. Songen er ein sørgmodig ballade om eit romantisk forhold som er i ferd med å falle saman. Det var òg ein av dei få songane der Elton John sjølv skreiv det meste av teksten. Normalt var det Taupin som skreiv teksten på John-Taupin-songane.
Songen var ein hitt i USA og Storbritannia og nådde 11. plass i Storbritannia og sjetteplass i USA. Songen selde til gullplate i USA i 1977.
Songen vart òg gjeven ut på Greatest Hits Volume II året etter, men på grunn av opphavsrettsårsaker finst han ikkje lenger på noverande utgåver av dette albumet. Han finst no på Greatest Hits 1976-1986, The Very Best of Elton John og på Greatest Hits 1970-2002, samt fleire andre samleplater.
Songen vert òg nytta mykje i filmen Slap Shot frå 1977.
Medverkande Ray Cooper – vibrafon Carl Fortina – trekkspel James Newton Howard – elektrisk piano, strykararrangement Elton John – piano, vokal Kenny Passarelli – bass
Sal og salstrofe
Blue-versjonen
I 2002 vart songen spelt inn av det engelske gutebandet Blue for det andre studioalbumet sitt, One Love (2002). Songen vart spelt inn i samarbeid med Elton John og var den andre singelen frå albumet. Han gjekk til topps på UK Singles Chart den 15. desember 2002.
Salslister og salstrofé
Vekeslister Liste (2002–03)PlasseringCanada (Nielsen SoundScan)7Europa (Eurochart Hot 100)2Tyskland Singels Chart3Island (Tonlist)2Romania (Romanian Top 100)5
Årslister Liste (2003)PlasseringNew Zealand (Recorded Music NZ)25
Sal og salstrofé
Andre versjonar Songen er spelt inn av mange andre artistar frå country til R&B.
I 1994 spelte countryartistane Suzy Bogguss og Chet Atkins inn songen. Eit år seinare spelte den argentinske artisten Pedro Aznar songen inn på spansk som «Ya no hay forma de pedir perdón».
I 1997 vart songen spelt inn av Steven Houghton.
Joe Cocker spelte inn songen for hyllestalbumet til Elton John/Bernie Taupin, Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin i 1991. I 2004 vart det gjeven ut tre versjonar. Først av Ray Charles og Elton John i lag som ein «duett» på Charles-albumet Genius Loves Company, som kom ut etter han døydde. Det var ein av dei aller siste songane Charles spelte inn. Mary J. Blige spelte så inn songen for filmen Bridget Jones: The Edge of Reason. Kenny G spelte han så inn med Richard Marx for albumet At Last...The Duets Album.
I 2006 spelte saksofonisten Michael Lington inn songen for albumet A Song for You.
Sarah Darling spelte in songen i 2001 for albumet Angels & Devils. Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sorry Seems to Be the Hardest Word» frå , den 23. november 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Singlar frå 2002 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar produserte av Gus Dudgeon Kategori:Songar produserte av Stargate Kategori:Blue-songar Kategori:Joe Cocker-songar Kategori:Ray Conniff-songar Kategori:Dottie West-songar Kategori:Elaine Page-songar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Howard Carpendale-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:Mary J. Blige-songar Kategori:Kenny G-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:Diana Krall-songar Kategori:James Last-songar