The Thom Bell Sessions er ein EP spelt inn av Elton John hausten 1977, men først gjeven ut av MCA Records i juni 1979. Prosjektet var ein avstikkar for John på denne tida. Fram til då hadde han nesten berre arbeidd med tekstforfattar Bernie Taupin og plateprodusent Gus Dudgeon. I tillegg nytta ikkje John det faste bandet sitt.

Prosjektet førte John i lag med den legendariske R&B-låtskrivaren og produsenten Thom Bell, som tidlegare hadde arbeidd med artistar som The Stylistics, The Delfonics og The Spinners. Visstnok vart forholdet mellom produsenten og artisten vanskeleg ganske raskt, og innspelinga enda før dei fekk spelt inn eit heilt album. Bell produserte alle songane og var medlåtskrivar på den eine songen i lag med nevøen LeRoy Bell og Casey James, som i lag utgjorde den populære duoen Bell & James. Bell og James skreiv dei andre songane på EPen.

Minst seks songar vart spelt inn i 1977, men berre tre av dei vart gjeven ut på ein 12" EP i 1979. Prosjektet førte til ein Topp 10-singel, «Mama Can't Buy You Love», som nådde 9. plass i USA i 1979. Ti år seinare gav MCA Records ut The Complete Thom Bell Sessions, med fleire songar som vart spelte inn under prosjektet.

Innhald

CD-versjon The Complete Thom Bell Sessions I februar 1989 gav MCA Records ut denne på CD, med tre songar i tillegg.

Nice and Slow (Elton John-Bernie Taupin-T. Bell) Country Love Song (L. Bell-C. James) Shine on Through (Elton John-G. Osborne) Mama Can't Buy You Love (L. Bell-C. James) Are You Ready for Love (L. Bell-C. James) Three Way Love Affair (L. Bell-C. James)

Sjå òg The Complete Thom Bell Sessions

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Thom Bell Sessions» frå , den 23. november 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Elton John-album Kategori:Album produserte av Thom Bell