Fokklav eller vanleg fokklav er ein lavart med skorpeforma thallus (skorpelav). Thallus er ganske tjukt, som regel med ruglete og delvis oppsprekt overflate. Lavet er grågrønt eller litt gulaktig. Fruktlekamane er raude eller brunraude med lys kant. Arten veks gjerne på sure bergartar på vindblesne rabbar til fjells, men finst også i låglandet. Han er vanleg over heile Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fokklavlav» frå , den 25. november 2011. Denne artikkelen bygger på «Ophioparma ventosa» frå , den 25. november 2011. oppgav desse kjeldene: Holien, Håkon/Tønsberg, Tor: Norsk lavflora, Trondheim 2006, ISBN 82-519-1978-9 ISBN 978-82-519-1978-4 Wirth, Volkmar: Die Flechten Baden-Württembergs, Stuttgart 1995, ISBN 3-8001-3325-3
Kategori:Lav Kategori:Sopp i Noreg