mini|Karl Marx er ein kjend namneberar. Karl (også skrive som Carl) er eit mannsnamn mykje brukt opp gjennom historia. I Noreg var namnet av dei ti mest populære gutenamna mellom 1880 og 1916.

Namnet kjem frå norrønt og tyder fri mann. Det er i slekt med ordet kar. I norrøn gudetru var Karl sonen til Heimdall og Amma. Saman med kona Snør var han opphavet til alle frie menn og bønder. Sjå Rigs vandring.

Karl har namnedag i Noreg og Sverige den 28. januar.

Variantar Namnet finst i ei rekkje variantar på fleire europeiske språk:

Carl (norsk, svensk, dansk) Carlo (italiensk) Carlos (spansk, portugisisk) Carolus (latin) Carol (rumensk) Charles (fransk, engelsk)Kaarle (finsk) Karl (tysk, svensk, norsk) Karel (nederlandsk, tsjekkisk) Karol (polsk) Károly (ungarsk) Κάρολος, Karolos (gresk)Séarlas (irsk gælisk), i tillegg til dei indirekte formene Cathal og Cormac Siarl (walisisk)

Avleidde former Namnet har òg fleire kvinnelege former, som Karla, Karoline og Charlotte.

Karl har gjeve opphav til etternamn som Karlsen og Carlton.

Kjende namneberarar

Kongar Karl har i ulike former vore namnet på ei rekkje kongar, mellom anna i Noreg, Sverige, England, Frankrike, Tyskland, Spania, Ungarn og Italia.

Karl I Karl II Karl III Karl IV Karl V Karl VI Karl VII Karl VIII Karl IX Karl X Karl XI Karl XII Karl XIII Karl XIV Karl XV Karl XVI Nordmenn Carl Gustav Fleischer (1883-1942), offiser Carl I. Hagen (f. 1944), politikar Carl Joachim Hambro (1885-1964), politikar og forfattar Karl Erik Harr (f. 1940), kunstnar Karl Sverre Klevstad (f. 1926), politikar (KrF) Karl Ove Knausgård (f. 1968), forfattar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (f. 1959), politikar (Ap) Karl Straume (1877-1968), kunstmålar Carl Størmer (1874-1957), fysikar Carl Frode Tiller (f. 1970), forfattar

Andre Carl Friedrich Abel (1723-1787), tysk bassgambist og komponist Carl-Axel Acking (1910-2001), svensk arkitekt og formgjevar Carl Philipp Emanuel Bach (1714-1788), tysk komponist Carl Barks (1901-2000), amerikansk teikneserieskapar Carl Bildt (f. 1949), svensk statsminister Karl Dönitz (1891-1980), tysk offiser og rikspresident Carl Hiaasen (f. 1953), amerikansk forfattar Carl Jung (1875-1961), tysk psykolog Karl Kautsky (1854-1938), tysk sosialistisk tenkjar Carl Larsson (1853-1919), svensk kunstnar Carl von Linné (1707-1778), svensk biolog Carl Gustaf Mannerheim (1867-1951), president i Finland Karl Marx (1818-1883), tysk tenkjar Carl Nielsen (1865-1931), dansk komponist Carl Orff (1895-1982), tysk komponist Carl von Ossietzky (1889-1938), tysk pasifist og nobelprisvinnar Karl Popper (1902-1994), austerriksk filosof Karl Wilhelm Reinmuth (1892-1979), tysk astronom Karl Renner (1870-1950), austerriksk sosialistisk tenkjar Karl Rolvaag (1913-1990), amerikansk politikar Carl Sagan (1934-1996), amerikansk fysikar Carl Sandburg (1878-1967), amerikansk forfattar Karl Schwarzschild (1873-1916), tysk astronom Carl Spitteler (1845-1924), sveitisk forfattar og nobelprisvinnar Karl Straube (1873-1950), tysk organist Karl Vennberg (1910-1995), svensk forfattar Carl Wilson (1946-1998), amerikansk musikar frå The Beach Boys

Bakgrunnsstoff

ssb.no - 10 mest brukte namn 1880 - 2004

kategori:mannsnamn kategori:førenamn av norrønt opphav

ca:Carles fi:Kaarle