Every One Of Us er eit album gjeven ut i 1968 av Eric Burdon & The Animals. Det var det andre av tre album som gruppa gav ut i USA det året (albumet kom ikkje ut i Storbritannia).

Bakgrunn Singelen frå albumet var «White Houses», som gjekk inn på singellista i USA og Canada. Musikkskribenten Bruce Eder i Allmusic skildra som «eit godt psykedelisk bluesalbum, fylt med glimrande musikk.»

Då albumet kom ut i august 1968 hadde både Danny McCulloch og Vic Briggs fått sparken frå banet tidlegare på sommaren, og Eric Burdon leita etter nye musikarar. I motsetnad til dei to førre albuma, der alle medlemmane var med å skrive songar, er songane på Every One of Us hovudsakleg tilskriven Eric Burdon.

Innhald

Medverkande Eric Burdon - vokal Vic Briggs - gitar, bass John Weider - gitar, celeste Zoot Money (omtalt som George Bruno) - Hammondorgel, vokal, piano Danny McCulloch - bass, vokal, 12-strengsgitar Barry Jenkins - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Every One of Us» frå , den 17. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Eric Burdon-album Kategori:The Animals-album Kategori:MGM Records-album