Solange Berry () var ein belgisk songar. Ho er kjend for tolkinga si av songen «Dis moi Quelque Chose De Gentil» i filmen Et Dieu… créa la femme av Roger Vadim frå 1956.

Berry representerte Luxembourg i Eurovision Song Contest 1958 med songen «Un grand amour» og enda på sisteplass med eitt poeng, saman med bidraget til Nederland. I 1960 deltok ho i den belgiske nasjonale finalen i Eurovision Song Contest, men fekk ikkje representere landet.

Diskografi Solange Berry gav ut fem EP-ar: 1955: Chanson pour tous 1956: Que sera, sera 1957: Les Mirettes 1959: Sous les toits de Paris 1967: Maintenant, quand vient le printemps

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solange Berry» frå , den 23. desember 2011.

Kategori:Belgiske songarar Kategori:Luxembourgske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1958-deltakarar