Groupe Castel er eit fransk drikkevareføretak. Det vart danna i 1949 under namnet Castel Frères av Pierre Castel, som har halde fram med å driva det som eit familieføretak.

Groupe Castel er i dag ein av dei fremste vinprodusentane i verda. Føretaket er den største vinprodusenten i Frankrike, og eig dei største franske og utanlandske vinmerka som blir selde i Frankrike. Groupe Castel er også den franske leiaren for bordvin og den fjerde største for øl og læskedrikkar i Afrika (etter SABMiller, Heineken og Guinness). I 2016 var det den tredje største for vin i verda, etter Constellation Brands og Gallo.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fransk vin Kategori:Skipingar i 1949 Kategori:Franske føretak Kategori:Nytingsmiddelprodusentar