Sonja Nef () frå Heiden i kantonen Appenzell Ausserrhoden i Sveits er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 2001.

Nef hadde sine beste sesongar i tida 2000-2002. Ho vart då høvesvis nr 6, nr 4 og nr 3 i verdscupen i alpint for kvinner. I storslalåmcupen gjekk ho til topps både i 2001- og 2002-sesongen. Hennar største enkeltprestasjon var sigeren i storslalåm under VM i alpint 2001 i St. Anton, over sekundet føre Karen Putzer frå Italia. Året etter vann ho bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City, bak Janica Kostelić og Anja Pärson. Nef vann 15 verdscuprenn, det første i 1996, det siste i 2003.

Sonja Nef la opp i 2006.

Verdscupsigrar Dato Stad Land Disiplin 26. januar 1996 Sestriere Italia Slalåm 31. oktober 1999 Tignes Frankrike Storslalåm 17. februar 2000 Åre Sverige Storslalåm 11. mars 2000 Sestriere Italia Storslalåm 16. november 2000 Park City USA Storslalåm 19. desember 2000 Sestriere Italia Storslalåm 30. desember 2000 Semmering Austerrike Storslalåm 6. januar 2001 Maribor Slovenia Storslalåm 21. januar 2001 Cortina d'Ampezzo Italia Storslalåm 10. mars 2001 Åre Sverige Slalåm 11. mars 2001 Åre Sverige Storslalåm 16. desember 2001 Val-d'Isère Frankrike Storslalåm 4. januar 2002 Maribor Slovenia Storslalåm 9. mars 2002 Flachau Austerrike Storslalåm 4. januar 2003 Bormio Italia Storslalåm

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sonja Nef» frå , den 13. januar 2012. Denne artikkelen bygger på «Sonja Nef» frå , den 13. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Fanside for Sonja Nef

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002