Jo Eggen () er ein tidlegare langrennar og gardbrukar frå Engerdal i Hedmark. Gjermund Eggen er tvillingbroren hans.
Eggen tevla for Engerdal Sportsklubb, som vann 3x10 km stafett under noregsmeisterskapen i 1966. Under same meisterskapen på Hernes vart det dobbeltsiger til dei to brørne Eggen på tremila, Jo fekk sølvmedaljen. I 1968 vann han bronsemedaljen på 15 km under NM, broren Gjermund vart då nr 4.
Besteplasseringar i internasjonale renn 1965: Nr 12 på 15 på 50 km i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1964: Nr 10 på 30 km på Voss Ski-NM 1965: Nr 11 på 30 km på Fåberg Ski-NM 1966: Sølvmedalje på 30 km på Hernes Ski-NM 1967: Nr 7 på 30 km i Skorovatn Ski-NM 1968: Bronsemedalje på 15 km i Bærum
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Engerdal