Rock er ein sjanger innanfor rytmisk musikk som har røter i rock ’n’ roll i USA på 1950-talet, og utvikla seg til ei rekkje forskjellige stilartar frå 1960-åra og utover, særleg i Storbritannia og USA.W. E. Studwell and D. F. Lonergan, The Classic Rock and Roll Reader: Rock Music from its Beginnings to the mid-1970s (Abingdon: Routledge, 1999), ISBN 0-7890-0151-9 Ordet rock heng ordsogeleg saman med det norske gjerningsordet å rugga.
Rock har røter som går tilbake til rock ’n’ roll og rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå blues, rhythm and blues og country, men òg gospel, tradisjonell pop, jazz og folkemusikk. Alle desse vart kombinert til ein enkel, bluesbasert songstruktur som var rask, fengjande og mogeleg å danse til. I følgje Allmusic «har den reinaste forma for rock ’n’ roll tre akkordar, eit sterkt, stødig etterslag (backbeat) og ein fengande melodi.allmusic - Rock and Roll
Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag (backbeat) og har tradisjonelt vore spela med eit oppsett av trommer, elektrisk gitar, elektrisk bassgitar og ein eller fleire songarar. Det har likevel vore brukt nesten alle kjende musikkinstrument i ein eller fleire samanhengar i samband med rockemusikk. Som i pop har tekstane ofte romantiske tema, men kan omhandle kva som helst og legg ofte vekk på sosiale og politiske tema. Dominansen av kvite, mannlege musikarar innan rock har ofte blitt rekna som ein av hovudfaktorane som har forma kva tema som er blitt utforska i rockemusikken. Rock har i større grad lagt vekt på musikalsk dugleik, konsertar og ein autentisitetsideologi enn det popmusikken har.
Seint i 1960-åra dukka det opp ei rekkje undersjangrar av rock, med blandingssjangrar som bluesrock, folkrock, countryrock, ragarock og jazzrock, og mange bidrog til utviklinga av psykedelisk rock, som var påverka av den psykedeliske motkulturen. Nye sjangrar oppstod frå dette miljøet, som progressiv rock, med forsterka kunstnariske element, glamrock, som la vekt på underhaldningsaspektet og den visuelle stilen, og eit mangfald av undersjangrar av heavy metal, som la vekt på kraft, volum og fart. På andre halvdelen av 1970-åra oppstod punkrocken som ein reaksjon på det dei såg som oppblåste, uekte og altfor kommersielle aspekt av desse sjangrane, og skapte ein enkel, energisk musikkform med eit rått uttrykk og tekstar som ofte bestod av sosial og politisk kritikk. Punk var ei inspirasjonskjelde i 1980-åra for utvikling av andre undersjangrar, som new wave, post-punk og til slutt alternativ rock. I 1990-åra byrja alternativ rock å dominere rocken og slo gjennom i form av grønsj, britpop og indierock. Blanding av andre undersjangrar har sidan oppstått, som poppunk, raprock og rap metal, i tillegg til forsøk på å gå attende til tidlegare populære rockesjangrar, som den nye bølgja med garasjerock/post-punk og synthpop i byrjinga av 2000-åra.
Rock har òg omfatta og tent som reiskap for kultur- og samfunnsrørsler, noko som har ført til store subkulturar som mods og rockers i Storbritannia og hippie-motkulturen som spreidde seg frå San Francisco i USA i 1960-åra. På liknande vis utvikla pønkkulturen i 1970-åra seg til dei visuelt særeigne subkulturane goth og emo. Rockemusikken tok etter visetradisjonen med protestsongar og har vore knytt til politisk aktivisme i tillegg til endringar i samfunnshaldningar til rase, sex og dopbruk, og vert ofte sett på som eit uttrykk for ungdomsopprør mot den vaksne konsumerismen og konformiteten.
Kjenneteikn mini|venstre|Red Hot Chili Peppers i 2006 har ei typisk kvartettbesetning for eit rockeband (frå venstre til høgre: bassist, vokalist, trommeslagar og gitarist). Rockestilen er tradisjonelt basert på forsterka elektrisk gitar, som oppstod i si moderne form i 1950-åra med populariseringa av rock and roll,J. M. Curtis, Rock Eras: Interpretations of Music and Society, 1954–1984 (Madison, WI: Popular Press, 1987), ISBN 0-87972-369-6, s. 68–73. og var påverka av stilen til elektrisk blues-gitaristar.Michael Campbell & James Brody, Rock and Roll: An Introduction, pages 80-81 Lyden av ein elektrisk gitar i rocken vert typisk akkompagnert av ein elektrisk bassgitar, som først dukka opp i jazzmusikken i same perioden, og perkusjon skapt av eit trommesett av trommer og cymbalar. I tillegg er det ofte blitt nytta andre instrument, særleg klaverinstrument som piano, hammondorgel og synthesizerar.P. Théberge, Any Sound you can Imagine: Making Music/Consuming Technology (Middletown, CT, Wesleyan University Press, 1997), ISBN 0-8195-6309-9, s. 69–70. Den grunnleggjande rockeinstrumenteringa var basert på den grunnleggjande bluesbandinstrumenteringa (markant sologitar, eit anna akkordbasert instrument, bass og trommer). Ei gruppe musikarar som spelar rock vert kalla eit rockeband og består typisk av tre – powertrioen nytta i rock, metal og punkrock – til fem medlemmar. Eit klassisk rockebandformat består gjerne av ein kvartett der medlemmane dekkjer ein eller fleire roller, som vokalist, sologitarist, rytmegitarist, bassgitarist, trommer og ofte med ein klaverspelar eller andre instrumentalistar.
Rock har tradisjonelt bygd på ein enkel usynkopert rytme i 4/4-takt, med eit repeterande etterslag (backbeat) på skarptromma på slaga to og fire.C. Ammer, The Facts on File Dictionary of Music (New York, NY: Infobase, 4th edn., 2004), ISBN 0-8160-5266-2, s. 251–2. Melodiane kjem ofte frå eldre modusar, som dorisk og miksolydisk, i tillegg til dur og mollskalaer. Harmoniane varierer frå vanleg treklang til parallelle kvartar og kvintar og disharmoniske progresjonar. Rockesongar har sidan slutten av 1950-åra,Michael Campbell & James Brody (2007), Rock and Roll: An Introduction, page 117 og særleg frå midten av 1960-åra, ofte nytta vers-refreng-forma frå blues og visesong, men det har vore mange variantar av og avvik frå denne forma.J. Covach, "From craft to art: formal structure in the music of the Beatles", in K. Womack and Todd F. Davis, eds, Reading the Beatles: Cultural Studies, Literary Criticism, and the Fab Four (New York, NY: SUNY Press, 2006), ISBN 0-7914-6715-5, s. 40. Musikkjournalistar har lagt vekt på eklektisismen og det stilmessige mangfaldet i rocken.T. Gracyk, Rhythm and Noise: an Aesthetics of Rock, (London: I. B. Tauris, 1996), ISBN 1-86064-090-7, s. xi. På grunn av den kompliserte historia og tendensen til å låne frå andre musikalske og kulturelle former, er det blitt hevda at «det er umogeleg å kome med ein strengt avgrensa musikalsk definisjon av rockemusikken».P. Wicke, Rock Music: Culture, Aesthetics and Sociology (Cambridge: Cambridge University Press, 1990), ISBN 0-521-39914-9, s. x.
mini|Eit enkelt trommemønster i 4/4-takt er vanleg i rock I motsetnad til mange tidlegare stilartar innan populærmusikken har tekstane i rocken handla om mange tema i tillegg til romantisk kjærleik, som sex, opprør mot «Etablissementet», sosiale omsyn og levestilar. Temaa i tekstane kom frå mange forskjellige stader, som poptradisjonen i Tin Pan Alley, visesong og rhythm and blues.B. A. Farber, Rock 'n' roll Wisdom: What Psychologically Astute Lyrics Teach About Life and Love (Westport, CT: Greenwood, 2007), ISBN 0-275-99164-4, s. xxvi-xxviii. Musikkjournalisten Robert Christgau skildrar rocketekstane som eit «kult medium» med enkel diksjon og repeterte refreng, og hevdar at «hovudfunksjonen» til rock «omhandlar musikk, eller meir generelt, støy». Rockemusikarane har ofte vore kvite menn frå mellomklassenC. McDonald, Rush, Rock Music and the Middle Class: Dreaming in Middletown (Bloomington, IN: Indiana University Press, 2009), ISBN 0-253-35408-0, s. 108–9. og rock har blitt sett på som ei tilpassing av svarte musikkformer for eit ungt, kvitt og hovudsakleg mannleg publikum.S. Waksman, Instruments of Desire: the Electric Guitar and the Shaping of Musical Experience (Cambridge, MA: Harvard University Press, 2001), ISBN 0-674-00547-3, s. 176. Som følgje av dette har rocken blitt sett på som eit talerøyr for denne gruppa i både stil og tekstar.S. Frith, Taking Popular Music Seriously: Selected Essays (Aldershot: Ashgate, 2007), ISBN 0-7546-2679-2, s. 43–4.
Etter at omgrepet rock byrja å bli brukt føre rock and roll frå slutten av 1960-åra, har det ofte blitt stilt opp mot popmusikken, som har mange av dei same kjenneteikna. Rock vert sagt å leggje meir vekt på musikalsk dugleik, konsertar og ha eit fokus på seriøse og progressive tema som ein del av ein autentisitetsideologi som ofte vert kombinert med eit medvit om historia og utviklinga til sjangeren.T. Warner, Pop Music: Technology and Creativity: Trevor Horn and the Digital Revolution (Aldershot: Ashgate, 2003), ISBN 0-7546-3132-X, s. 3–4. I følgje Simon Frith var «rock noko meir enn pop, noko meir enn rock and roll. Rockemusikarar kombinerte ei vektlegging av dugleik og teknikk med det romantiske kunstkonseptet som kunstnarisk uttrykk, det originale og det ekte». I det nye tusenåret er omgrepet rock stundom blitt nytta som eit samleomgrep for musikkformer som pop, reggae, soul, og til og med hip hop, som det er blitt samanlikna med, men ofte stått i kontrast til gjennom mykje av historia.R. Beebe, D. Fulbrook and B. Saunders, "Introduction" in R. Beebe, D. Fulbrook, B. Saunders, eds, Rock Over the Edge: Transformations in Popular Music Culture (Durham, NC: Duke University Press, 2002), ISBN 0-8223-2900-X, s. 7.
Opphav
Rock and roll
Grunnlaget til rocken kjem frå rock and roll, som oppstod i USA seint i 1940- og tidleg i 1950-åra og raskt spreidde seg til resten av verda. Det næraste opphavet ligg i ei blanding av forskjellige svarte musikkformer på den tida, som rhythm and blues og gospel med country and western.R. Unterberger, "Birth of Rock & Roll", in Bogdanov et.al., 2002, s. 1303–4. I 1951 byrja programleiaren Alan Freed i Cleveland i Ohio å spele rhythm and blues-musikk (då kalla «rasemusikk») for både eit kvitt og svart publikum, og blir rekna som den første som brukte omgrepet «rock and roll» for å skildre musikken.T. E. Scheurer, American Popular Music: The Age of Rock (Madison, WI: Popular Press, 1989), ISBN 0-87972-468-4, s. 170.
Det er omdiskutert kva song som kan reknast som den første rock and roll-songen. Mogelege kandidatar er Goree Carter-songen «Rock Awhile» (1949);Robert Palmer, «Church of the Sonic Gitar», s. 13–38 in Anthony DeCurtis, Present Tense, Duke University Press, 1992, s. 19. ISBN 0-8223-1265-4. Jimmy Preston sin «Rock the Joint» (1949), som seinare vart spelt inn av Bill Haley & His Comets i 1952;. og «Rocket 88» av Jackie Brenston and his Delta Cats (i røynda Ike Turner og bandet hans Kings of Rhythm), spelt inn av Sam Phillips for Sun Records i 1951.M. Campbell, ed., Popular Music in America: and the Beat Goes on (Boston, MA: Cengage Learning, 3rd edn., 2008), ISBN 0-495-50530-7, s. 157–8. Fire år seinare vart Bill Haley sin «Rock Around the Clock» (1955) den første rock and roll-songen som gjekk til topps på lista til Billboard over mest selde og radiospelte songar, og opna døra verda over for denne nye popkulturbølgja.P. Browne, The Guide to United States Popular Culture (Madison, WI: Popular Press, 2001), ISBN 0-87972-821-3, s. 358.
mini|venstre|Elvis Presley i eit bilete frå Jailhouse Rock i 1957.