Vitskapsåret 1812 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1812.
Hendingar 7. februar - Eit jordskjelv i New Madrid i Missouri, med ein estimert styrke på over 8. 11. februar - Elbridge Gerry, guvernøren i Massachusetts introduserte valkretsinndelinga gerrymander. 12. februar - Napoleon Bonaparte innførte metersystemet. 27. februar – Poeten Lord Byron tok sete i det britiske Overhuset og held ein forsvarstale for luddittarane sin vald mot industrialismen i heimfylket hans Nottinghamshire. 15. mars - Luddittar gjekk til åtak på ein ullfabrikk i West Yorkshire. 26. mars - Eit jordskjelv øydela Caracas i Venezuela. 25. mai - Ein gruveksplosjon i Felling nær Jarrow, England etterlet 96 dødsoffer. 19. august - 1812-krigen: USS Constitution sigra over ein britisk fregatt. Kanonkulene blir sagt å ha stussa mot armeringa, som gav fartøyet kallenamnet "Old Ironsides". Det første gassverket i Europa vart bygd i London. Kaffi vart forbode i Sverige. Kolera herja i Jessore, India.
Publiseringar Jean-Baptiste Joseph Fourier gjev ut Théorie analytique de la chaleur.
Prisvinnarar Copleymedaljen: ikkje utdelt Rumfordmedaljen: ikkje utdelt
Fødde 9. juni - Johann Gottfried Galle, tysk astronom (død )
Døde …