mini|Brünigpasset, frå passhøgda
Brünigpasset er ein fjellovergang mellom kantonane Bern og Obwalden i Sveits. Fjellovergangen i 1 008 meters høgde knyter saman Meiringen i kantonen Bern med Lungern i Obwalden i det sentrale Sveits.
Over fjellskardet går det både køyreveg og jarnveg. Køyrevegen vart bygt 1861-68, medan jarnvegen vart opna i 1888. Jarnbanen vert trafikkert av 'Zentralbahn' som går mellom Luzern and Interlaken. Køyrevegen er heilårsveg.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjellovergangar i Sveits Kategori:Geografi i Bern Kategori:Geografi i Obwalden
Denne artikkelen bygger på «Brünigpass» frå , den 19. februar 2012.