Otto Stern () var ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Ti år etter at han flykta frå heimlandet til USA, vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for medverkinga si til utviklinga av den molekylære strålingsmetoden og oppdaginga hans av det magnetiske momentet til protonet»
Stern fullførte studia sine ved Universitetet i Breslau i 1912 med ein doktorgrad i fysikalsk kjemi. Han følgde så Albert Einstein til Karlsuniversitetet i Praha og seinare til ETH Zürich. Stern mottok habilitasjonen sin ved Johann Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt i 1915 og i 1921. Han vart seinare professor ved Universitetet i Rostock, som han forlet i 1923 for å jobbe med det nyleg grunnlagte Institut für Physikalische Chemie ved Universitetet i Hamburg.
Etter at han gjekk av frå stillinga ved Universitetet i Hamburg i 1933 då nazistane tok over makta, vart han professor i fysikk ved Carnegie Institute of Technology, og seinare professor emeritus ved University of California, Berkeley.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Otto Stern» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Kongedømet Preussen Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Tyske jødar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar