John Robert Schrieffer () er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Schreiffer mottok Nobelprisen i fysikk i 1972 saman med John Bardeen og Leon Cooper «for den felles utviklinga deira av teorien om superleiareigenskapen, mest kjend som BCS-teorien.
Etter uteksamineringa frå Eustis High School i 1949 vart han tilsett ved Massachusetts Institute of Technology der han i to år jobba med elektroteknikk før han bytta til fysikk i sine yngre år. Han fullførte ein Bacheloroppgåve under John C. Slater i 1953. Schrieffer følgde ei interesse for faststoffysikk og byrja ved University of Illinois at Urbana-Champaign, der han vart kort tid etter vart tilsett som forskingsassistent til John Bardeen. Etter å ha jobba seg fram til eit teoretisk problem med elektrisk ladning på halvleiaroverflater var Schrieffer eit år i laboratoriet der han overførte teorien til fleire overflateproblem. I sitt tredje år slutta han seg til Bardeen og Cooper i utviklinga av teorien for superleiing.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Robert Schrieffer» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Oak Park i Illinois Kategori:Elevar ved Massachusetts Institute of Technology Kategori:National Medal of Science Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Comstock-prisen i fysikk Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1900-talet