Wolfgang Paul () var ein tysk fysikar som i 1989 mottok Nobelprisen i fysikk. Han fekk prisen på bakgrunn av utviklinga av ionefella. Han delte halvparten av prispengane med Hans Georg Dehmelt. Den andre halvparten fekk Norman Ramsey.
Han tok teknisk doktorgrad ved Technische Hochschule Berlin i 1939, og virket som professor i eksperimentell fysikk ved universitetet i Bonn frå 1952.
Saman med Hans Dehmelt utvikla han den såkalla ionefella, som ein kan nytte for å fange og studere eit enkelt elektron eller ion med stor presisjon.
Sjå òg Wolfgang Pauli
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Paul» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet