Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet. Vanuatu består av ei rekkje mindre øyar som ligg ca. km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane.
Øygruppa var ein fransk-britisk koloni som gjekk under namnet «Ny-Hebridane» fram til 1980 då landet erklærte sjølvstende. Koloninamnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk.
Provinsar mini|venstre|Kart over Vanuatu.
Vanuatu består av 6 provinsar:
Malampa Penama Sanma Shefa Tafea Torba
Geografi Vanuatu består av over 83 øyar. To av desse – Matthew- og Hunterøyane – vert gjort krav på av den franske oversjøiske staten Ny-Caledonia. Dei fleste av øyane er fjellaktige og vulkanske av opphav. Den største byen i landet er hovudstaden Port Vila.
Klima Vanuatu har eit tropisk maritimt klima som er moderert av søraustpassaten i perioden mai-oktober. Resten av året er vindretningane variable, og det er mange tyfonar frå november til april. Årsnedbøren varierer frå 2300 mm i sør til ca. 4000 mm i nord. Middeltemperaturen i hovudstaden Vila er 22 °C i august og 27 °C i februar.
Fakta Etniske folkegrupper: melanesiarar 98 %, andre (mellom anna franskmenn, vietnamesarar, kinesarar) Religion: presbyterianarar 36,7 %, anglikanarar 15 %, katolikkar 15 %, stadeigne religionar 7,6 %, sjuandedagsadventistar 6,2%, anna 19, 7% Folkesetnaden si middellivslengd: 61,7 år Spedbarnsdødstal: 5,8 % Språk: Engelsk, fransk, bislama (pidgin) og meir enn hundre lokale språk
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Melanesia Kategori:Land i Oseania Kategori:Øyar i Stillehavet