Bernhard Schlink () er ein tysk jurist, professor i rettsvitskap og forfattar. Han er mest kjend for romanen Der Vorleser (på norsk Høytleseren), som vart ein internasjonal bestseljar.

Barndom og oppvekst Schlink vart fødd i Bethel i Tyskland, faren,Edmund Schlink, var tysk, mora kom frå Sveits. Bernhard var den yngste av fire søsken. Faren var professor i teologi i Heidelberg, men mista denne stillingen under nazismen, og måtte arbeida som prest i staden. Bernhard Schlink voks opp i Heidelberg frå han var to år gammal.

Juridisk arbeid Schlink studerte juss ved Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og ved Freie Universität Berlin, og vart uteksaminert i 1968 Frå 1982 til 1991 var han professor i offentleg rett ved Rheinische Friedrich-Wilhelms Universitet i Bonn, og 1991 til 1992, professor i offentleg rett, sosial lov og juridisk filosofi ved Johann Wolfgang Goethe-universitetet i Frankfurt am Main. Frå 1992 til 2009 var han professor i offentleg rett og rettsfilosofi ved Humboldt-Universität zu Berlin. Frå 1987 til 2006 var Bernhard Schlink dommar i konstitusjonsdomstolen i staten Nordrhein-Westfalen i Münster. Han drog seg attende i 2006.

Forfattar Forfattarkarrièren tok til med detektivromanen Selbs Justiz i 1987, som han skreiv saman med Walter Popp. Hovudpersonen her er den aldrande detektiven Gerhard Selb, eit ordspel med det tyske ordet for «sjølv», selb. Selb opptrer i tre bøker, «Selb-triologien», ingen av desse omsette til norsk. I denne første romanen får Selb eit oppdrag som fører han attende til si eiga fortid som aktor under nasjonalsosialismen.Lexikon der deutschen Krimi-Autoren om Bernhard Schlink I 1995 gav Schlink ut Der Vorleser (Høytleseren), ein roman om ein tenåring som har ein affære med ei kvinne i tretti-åra som brått vert borte, men som han møter att seinare, då han som som jus-student vitjar ei rettssak om krigsbrotsverk.

Boka vart ein bestseljar både i Tyskland og USA, og vart omsett til 39 språk. Det var den første tyske boka som nådde førsteplassen på bestseljarlista til New York Times. I 1997 vann romanen Hans-Fallada-Preiz, ein tysk litteraturpris, og Prix Laure Bataillon for verk omsette til fransk. I 1999 fekk han avisa Die Welt sin WELT - Literaturpreis.

Schlink byter no på å bu i New York og Berlin

Bibliografi

Juridiske fagbøker Grundrechte. Staatsrecht II. saman med Bodo Pieroth, 27. Aufl., C.F. Müller, Heidelberg 2011, ISBN 978-3-8114-9812-9 Polizei- und Ordnungsrecht mit Versammlungsrecht. saman med Michael Kniesel og Bodo Pieroth, 6. Aufl., C.H. Beck, München 2010, ISBN 978-3-406-60952-7

Fiksjon 1987 Selbs Justiz. (saman med Walter Popp), ISBN 3-257-21543-6 1988 Die gordische Schleife. Kriminalroman, ISBN 3-257-21668-8 1992 Selbs Betrug. ISBN 3-257-22706-X 1995 Der Vorleser. ISBN 3-257-22953-4 På norsk: Høytleseren (Gyldendal) ISBN 978-82-05-39053-9 2000 Liebesfluchten. ISBN 3-257-23299-3 På norsk: Kjærlighetsflukt (noveller) (Gyldendal) ISBN 82-05-29742-8 2001 Selbs Mord. ISBN 3-257-23360-4 2006 Die Heimkehr. ISBN 3-257-86136-2 2008 Das Wochenende. ISBN 978-3-257-06633-3 2010 Sommerlügen. ISBN 978-3-257-06753-8 2011 Gedanken über das Schreiben. Heidelberger Poetikvorlesungen. ISBN 978-3-257-06783-5

Essays 2000 Heimat als Utopie. ISBN 3-518-06613-7 2005 Vergewisserungen – Über Politik, Recht, Schreiben und Glauben. ISBN 3-257-06483-7 2007 Vergangenheitsschuld. Beiträge zu einem deutschen Thema. ISBN 3-257-06597-3

Utmerkingar 1989: Friedrich-Glauser-Preis der „Autorengruppe deutschsprachige Kriminalliteratur“ – Das Syndikat for Die gordische Schleife. 1993: Deutscher Krimi Preis for Selbs Betrug. 1995: Stern des Jahres der Münchner Abendzeitung for Der Vorleser. 1997: Grinzane-Cavour-Preis (Italien) for Der Vorleser. 1997: Prix Laure Bataillon (Frankreich) for Der Vorleser. (Utmerking både til forfattaren og omsetjaren, Bernard Lortholary) 1998: Hans-Fallada-Preis for Der Vorleser. 1999: WELT-Literaturpreis for sitt litterære arbeid. 2000: Ehrengabe der Heinrich-Heine-Gesellschaft 2000: Evangelischer Buchpreis for Der Vorleser. 2000: Kulturpris frå den japanske dagsavisa Mainichi Shimbun, som vert delt ut kvart år til ei bestseljarbok, for Der Vorleser. 2001: Eeva Joenpelto-prisen 2004: Bundesverdienstkreuz (I. Klasse)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bernhard Schlink» frå , og «Bernhard Schlink» frå den 28. februar 2012.

Bakgrunnsstoff Guaranteeing truth, and avoiding it eit utdrag på engelsk frå Schlink si bok, Guilt About The Past (Vergangenheitsschuld), i Sydney Morning Herald VIDEO Bernhard Schlink delivers the keynote address at the 2009 Melbourne Writers Festival on ABC FORA

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske kriminalforfattarar Kategori:Tyske juristar Kategori:Folk frå Heidelberg