Klaversonate for fire hender i C-dur, K. 19d er ein sonate komponert av den 9 år gamle Wolfgang Amadeus Mozart i mai 1765 då han var i London under danningsreisa til familien Mozart. Han vart truleg først framført av Mozart i Hickford's Great Room i Brewer Street, i lag med syster si Marie Anna Mozart den 13. mai 1765.F. H. W. Sheppard (General Editor): "Nos. 63–65 Brewer Street: Hickford's Room" in Brewer Street and Great Pulteney Street Area, Survey of London: volumes 31 and 32: St James Westminster, Part 2 (1963), s. 116–137. British History Online. Henta 29. februar 2012. Han er kraftig påverka av faren Leopold Mozart og andre komponistar som var nær Mozart, som Johann Christian Bach.

Nyare forsking har indikert at verket truleg ikkje er komponert av Mozart.Kinderman, William, Mozart's piano music, s. 95, New York: Oxford University Press (2006) ISBN: 978-0195100679

Sonaren er i tre satsar: Allegro Menuetto Trio Rondo

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sonata for Keyboard Four-hands K.19d (Mozart)» frå , den 28. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pianosonatar av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Musikk i 1765