Divertimento i Ess, K. 563, er ein stryketrio skriven av Wolfgang Amadeus Mozart. Han vart skriven i 1788, året Mozart skreiv ferdig dei tre siste symfoniane sine og «Koralnation» Pianokonsert.
Verket vart gjort ferdig i Wien den 27. september 1788, og var dedisert til Michael Puchberg, ein frimurar som hadde lånt Mozart pengar. Premieren var i Dresden den 13. april 1789 med Anton Teyber på fiolin, Mozart på bratsj og Antonín Kraft på cello.Melvin Berger, "Guide to Chamber Music", Dover, 2001. På denne tida turnerte Mozart tyske byar på veg til Berlin.
Satsar Allegro – sonateform Adagio – sonateform Menuett – A–B–A Andante – tema og 4 variasjonar Menuett – med to forskjellige trioar (t.d. A–B–A–C–A) Allegro – Sonate-rondoform
Alfred Einstein skriv i Mozart: His Character, His Work at verket var eit av dei største Mozart skreiv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trio for Violin, Viola & Cello in E flat major, K. 563 (Mozart)» frå , den 29. februar 2012. oppgav desse kjeldene: Notes to a concert containing the Divertimento at the Kennedy Center written by Richard Freed Notes to a concert of the Emerson Quartet written by Peter Laki
Bakgrunnsstoff
Kategori:Serenadar og divertimenti av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Musikk i 1788