Glatt er ei mindre sideelv til Hochrhein i Unterland i kantonen Zürich i Sveits. Ho er 38,5 km lang og renn ut frå Greifensee gjennom Glattdalen, og munnar ut i Rhinen ved Glattfelden. Medan dei øvre delane av elva renn slakt, vert elva gradvis brattare lenger nede.
Glatt vart først nemnd i 1034 og kom av det gammalhøgtyske glat, som tyder anten lys, klår, plan eller glatt.Gabrielle Schmid/Andres Kristol, Niederglatt ZH (Dielsdorf) in: Dictionnaire toponymique des communes suisses – Lexikon der schweizerischen Gemeindenamen – Dizionario toponomastico dei comuni svizzeri (DTS|LSG), Centre de dialectologie, Université de Neuchâtel, Verlag Huber, Frauenfeld/Stuttgart/Wien 2005 iSBN 3-7193-1308-5 and Éditions Payot, Lausanne 2005 iSBN 2-601-03336-3, s. 646. Sidan 1400-talet har Glatt vore underlagt byen Zürich.
Etter eit første forsøk på å regulere elva i 1593 og nokre få forsøk tidleg på 1800-talet vart den store omforminga av elva gjort mellom 1878 og 1895. I 1936 vart elva retta vidare opp i samband med bygginga av Zürich lufthamn. Dei siste reguleringane vart gjort i 1975 mellom Niederglatt og samløpet mellom Glatt og Rhinen. Det vart bygd eit vasskraftverk ved elva seint på 1800-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glatt (Rhine)» frå , den 7. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Rhinenvassdraget Kategori:Geografi i Zürich Kategori:Sideelvar til Rhinen