Audrey Horne er ei norsk hard-rock-gruppe skipa i 2002 i Bergen. Medlemmene har bakgrunnar frå banda Enslaved, Sahg, Gorgoroth, Deride og Sylvia Wane. Namnet Audrey Horne er henta frå ein karakter i David Lynch-serien Twin Peaks.

Gruppa gav ut EP-en Confessions & Alcohol før dei gav ut si fyrste plate: No Hay Banda, begge i 2005. Under Spellemannprisen 2005 vart Audrey Horne tildelt prisen for kategorien metall for debutalbumet. Sidan har Audrey Horne gjeve ut to album til; Le Fol (2007) og Audrey Horne (2010). Gruppa vart òg nominert til Spellemannprisen 2007 for Le Fol i kategorien metall, men nådde ikkje opp.

Galleri

Diskografi 2005: Confessions & Alcohol EP 2005: No Hay Banda 2007: Le Fol 2010: Audrey Horne 2013: Youngblood

Kjelder Bandet si offisielle heimeside

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkgrupper skipa i 2002 Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske rockegrupper