«Go Now» er ein song skriven av Larry Banks og Milton Bennett. Han vart først spelt inn i 1964 av Bessie Banks og året etter av The Moody Blues.

Bessie Banks

Songen vart først spelt inn av den tidlegare kona til Larry Banks, Bessie Banks. Versjonen hennar nådde 40. plass på Cash Box R&B-lista. Den originale versjonen til Banks er med i filmen Stonewall.

The Moody Blues

«Go Now» vart gjort internasjonalt populær seinare i 1964 då den engelske beatgruppa frå Birmingham, The Moody Blues, spelte han inn med Denny Laine på gitar og solovokal. Songen nådde toppen av lista i Storbritannia og 10. plass i USA. Laine fortsette å spele songen på konsertar i åra sine i Wings, og han er med på konsertalbumet Wings over America.

The Moody Blues hadde liten suksess med singlane som følgde «Go Now», og Denny Laine forlet etter kvart bandet, og vart erstatta av Justin Hayward. Bassist Clint Warwick drog òg frå bande tpå denne tida og vart erstatta av John Lodge. Med denne nye besetninga spelte the Moody Blues «Go Now» ei lita stund, før dei byrja å skrive sine eigne songar.

I januar 1997 vart «Go Now» gjeven ut på The Very Best of the Moody Blues.

Medverkande Denny Laine: gitar, solovokal Clint Warwick: bassgitar, korvokal Mike Pinder: piano, korvokal Ray Thomas: tamburin, korvokal, Graeme Edge: trommer, perkusjon, korvokal

Andre versjonar «Go Now» vart sidan spelt inn av Ozzy Osbourne i 2005 for albumet Under Cover og av Simply Red i 2008 for deira Simply Red 25: The Greatest Hits compilation.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Go Now (song)» frå , den 4. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Review of 'Go Now'

Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Wings-songar Kategori:Ozzy Osbourne-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Tin Machine-songar