Zhuzhou (kinesisk skrift 株州, pinyin Zhūzhōu) er eit byprefektur aust i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet, som i aust grensar mot provinsen Jiangxi, har eit areal på 11 262 km² og 3 855 609 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 806 988 menneske i storbyen.

Byprefekturet Zhuzhou omfattar fire distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næringsliv Metallurgisk industri, maskinproduksjon, kjemisk industri og byggvareindustrien er dei fire nøkkelnæringane i Zhozhou.

Samferdsle Snøggtoget mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området. Også Jingguangbana, som er den eldre jarnvegen mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her.

Riksveg 320 i Kina går gjennom området. Han tek til i Shanghai og fører sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Burma. Undervegs er han innom mellom andre Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.

Vennskapsbyar Zhozhou og Fredrikstad er vennskapsbyar sidan 1999.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zhuzhou» frå , den 6. mai 2012. Denne artikkelen bygger på «Zhuzhou» frå , den 6. mai 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byprefektur i Hunan