Australia debuterte i Eurovision Song Contest i 2015, i utgangspunktet som eit eingongstilfelle. I debuten var Australia direktekvalifisert til finalen og enda på ein femteplass. Det gode resultatet gjorde at Australia fekk delta vidare, og i tevlinga året etter kom landet på ein andreplass etter å ha vunne juryavrøystinga. Australia har sidan blitt ein fast deltakar i Eurovision Song Contest, og har fast plass i tevlinga til 2023. Fram til 2021 kvalifiserte landet seg til finalen alle gongane, og hadde ein 20. plass som dårlegaste plassering. I 2021 mista Australia sin førebels einaste finale, då Montaigne ikkje kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen.

Historikk Australia har historiske og tette band til Europa, og ein stor del av befolkninga har røter frå ulike europeiske land. Tilknytinga til Europa var ei medverkande årsak til at den australske kringkastaren SBS byrja å sende Eurovision Song Contest allereie i 1983. Dei fyrste åra blei tevlinga sendt i opptak på grunn av tidsskilnaden, og med kommentarane til den legendariske kommentatoren til BBC, Terry Wogan.

Vegen mot Eurovision Opp gjennom åra har også fleire australiarar delteke i Eurovision Song Contest, blant anna Olivia Newton-John og Gina G for Storbritannia i høvesvis 1974 og 1996. Utover 2000-talet byrja SBS å sende sine eigne kommentatorar til tevlinga, og i 2012 fekk kanalen sine kommentatorar sin eigen kommentatorboks på lik linje med dei europeiske deltakarlanda.

Frå 2010 til 2014 heldt SBS si eiga telefonavrøysting der australske sjåarar kunne røyste på finalesongane. Dei australske røystene blei ikkje rekna med i det offisielle resultatet i Eurovision Song Contest. Eit skritt nærare deltaking kom i 2013, då Australia hadde ein eigen videoreportasje i pausen i andre semifinale. Under finalen i 2014 fekk Australia sitt eige pausenummer, leia av Jessica Mauboy, ein av dei store artistane i Australia. Mauboy fekk seinare representere landet i 2018.

Debuten miniatyr|Guy Sebastian representerte Australia i deira debut i 2015. Fleire ikkje-europeiske land som Israel og Marokko har delteke i Eurovision Song Contest, sidan kringkastingsområdet til EBU også omfattar delar av Midtausten og Nord-Afrika. Australia ligg godt utenfor kringkastingsområdet, og SBS er berre partnarmedlem i EBU. For å kunne delta må kringkastaren vere aktivt medlem av unionen. Australia si stadige tettare tilknyting til tevlinga, og det faktum at Eurovision Song Contest hadde 60-årsjubileum i 2015, gjorde at EBU likevel let Australia få delta i finalen i Wien i 2015. Australia fekk også lov til å røyste i begge semifinalane og finalen. Deltakinga var i utgangspunktet tenkt som eit eingongstilfelle.

Nyhendet vakte stor merksemd i Australia, og i mars 2015 valde SBS den fyrste australske Idol-vinnaren Guy Sebastian til å representere landet. I finalen kom Australia på ein sterk femteplass med toppoeng frå både Austerrike og Sverige. Noreg gav ti poeng til debutanten.

Ny deltaking

Den gode plasseringa, kombinert med engasjementet til Australia, gjorde at EBU let landet få delta på nytt i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm. Denne gongen måtte Australia gjennom semifinalane, og SBS valde artisten Dami Im og bidraget «Sound of Silence» til å representere landet. Det andre forsøket til Australia gjekk enda betre enn debuten, og «Sound of Silence» vann juryavrøystinga med klår margin. I telefonavrøystinga blei Australia nummer fire, slik at landet enda på ein andreplass samla. Paul Clarke, den australske delegasjonsleiaren, kalla innsatsen til Dami Im i tevlinga for ein «ekte historisk augneblink for australsk musikk, ein augneblink då Europa verkeleg opna armane sine for oss».

Suksessen gjorde at Australia også fekk delta i 2017, og landet har sidan blitt ein fast deltakar i Eurovision Song Contest, men fram til 2019 vurderte EBU frå år til år om Australia skulle få delta. I 2019 sikra SBS seg ein avtale som gjev landet fast plass i tevlinga til 2023. Same år arrangerte også Australia for fyrste gong ein nasjonal finale, Eurovision – Australia Decides, til å velje ut det australske bidraget til Eurovision Song Contest.

Australia fortsatte å kvalifisere seg til finalen kvart einaste år i perioden 2016–2019. I 2021 fekk landet si dårlegaste plassering til då, med ein 14. plass i den fyrste semfinalen. Dette var fyrste og førebels einaste gongen Australia ikkje kvalifiserte seg til finalen.

Kva skjer om Australia vinn? Som følgje av tidsskilnaden og den store geografiske avstanden til Europa, får ikkje SBS arrangere Eurovision Song Contest i Australia om landet skulle vinne. I staden skal SBS inngå eit samarbeid med ein europeisk kringkastar og saman med han arrangere Eurovision Song Contest ein stad i Europa.

Bidrag Under er ei liste over deltakarane, plasseringane og poenga til Australia i Eurovision Song Contest sidan debuten i 2015. År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2015 Guy Sebastian «Tonight Again» Engelsk 5 196 colspan="4" 2016 Dami Im «Sound of Silence» Engelsk 2 511 1 330 2017 Isaiah Firebrace «Don't Come Easy» Engelsk 9 173 6 160 2018 Jessica Mauboy «We Got Love» Engelsk 20 99 4 212 2019 Kate Miller-Heidke «Zero Gravity» Engelsk 9 284 1 261 Montaigne «Don't Break Me» Engelsk colspan="4" 2021 Montaigne «Technicolour» Engelsk colspan="2" 14 28 2022 Sheldon Riley «Not the Same» Engelsk 15 125 2 243 2023 Voyager «Promise» Engelsk 9 151 1 149 2024 Electric Fields «One Milkali (One Blood)» Engelsk og yankunytjatjara rowspan="2" colspan="2" 11 41 2025 Go-Jo «Milkshake Man» Engelsk 11 41 2026 «» Engelsk

Røystehistorikk Finalane

+ Australia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 01 107 02 59 03 54 04 51 05 43

+ Australia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 01 76 02 71 04 63 05 62

Semifinalane (2015–2023)

+ Australia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 01 76 02 51 03 45 04 42 05 41

+ Australia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 01 81 02 72 03 60 04 50

Kommentatorar og poengopplesarar Australske SBS byrja å sende Eurovision Song Contest på fjernsyn i 1983 og brukte kommentarsporet til BBC, med Terry Wogan, fram til 2001. Kanalen brukte igjen BBC-kommentaren i 2002, og igjen frå 2005 og frem til Wogan gjekk av med pensjon i 2008. Frå 2009 har SBS brukt eigne kommentatorar. År TV-kommentator(ar) Poengopplesar 1956–1982 rowspan="13" 1983–2000 2001 Effie (Mary Coustas) 2002 2003 Des Mangan 2004 2005–2008 2009 og 2010 2011 2012 2013 2014 2015 http://www.sbs.com.au/programs/eurovision/article/2016/04/29/stockholm-calling-how-be-memorable-eurovision-voting-correspondent 2016 2017 og  2018 2019 2021 2022 2023

Galleri

Sjå òg Australia i Junior Eurovision Song Contest

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Australia i Eurovision Song Contest» frå , den 9. august 2023.

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Australia i Eurovision Song Contest

Kategori:Land i Eurovision Song Contest