Rudolf Jozef Krol (), best kjend som Ruud Krol, frå Amsterdam i Nederland er ein tidlegare fotballspelar og noverande fotballtrenar. Han vann Europacupen tre gongar med Ajax og fekk VM-sølv med Nederland i 1974 og 1978. Mellom 1969 og 1983 aksla han Nederlands landslagsstøyre 83 gongar.
Karriere Klubbspel Krol debuterte for Ajax i 1968 under den legendariske trenaren Rinus Michels. Han spelte venstreback på det laget som nådde finalen i Europacupen for serievinnarar i 1969, men spelte ikkje finalen grunna beinbrot. Derimot var han med på å vinne Europacupen med Ajax tre år i rad, 1971 til 1973. Medan fleire av lagkameratane, som Johan Cruijff og Johan Neeskens, forlet Ajax, spelte Krol for klubben fram til januar 1980. Han flytta då til Canada for å spele i 'Vancouver Whitecaps' i den nord-amerikanske fotballigaen. Etter ein sesong i Vancouver flytta han tilbake til Europa og spelte fire sesongar for den italienske toppklubben Napoli. Frå 1984 til han la opp i 1986 spelte Krol for franske Cannes.
Landslagspel mini|venstre|Ruud Krol under VM i 1974, i kampen mot DDR Krol debuterte for Nederlands fotballandslag mot England 1969. Han var gjennom 1970-talet ei viktig brikke i den nederlandske totalfotballen. Han hadde stor fart og ein god pasningsfot, med få unnatak spelte han i forsvaret. Under verdsmeisterskapen i fotball 1974 i Vest-Tyskland spelte Krol venstreback. Nederland tapte då VM-finalen i München med 1-2 mot Vest-Tyskland.
Ved verdsmeisterskapen i fotball 1978 i Argentina hadde Krol plass i midtforsvaret. Han spelte då i ein liberoposisjon og var lagkaptein. Som i 1974 gjorde Krol ei god turnering, men kunne ikkje hindre Nederland på ny tapte sin andre rake VM-finalen, då med 1–3 mot vertsnasjonen Argentina.
Krol var også lagkaptein for Nederland under EM 1980, laget rauk då ut i gruppespelet. Dei nederlandske landslaga heldt ikkje same kvalitet tidleg i 1980-åra som tidlegare. Nederland mislukkast å kvalifisere seg til VM 1982. Krol spelte sin 83. og siste landskamp i 1983, då laget tapte 0-1 for Spania i ein kvalifiseringskamp til europameisterskapen 1984. Med sine 83 landskampar hadde han spelt fleire kampar for Nederland enn nokon anna spelar. Først under EM 2000 vart han overgått, då Aron Winter sin 84. landskamp.
Trenar Krol har vore landslagssjef for Egypt og assisterande langslagstrenar for Nederland under Louis van Gaal. Sidan 2008 har han vore trenar for Orlando Pirates i USA.
Meistertitlar og medaljar som spelar Seks gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam: 1970, 1972, 1973, 1977, 1979, 1980 Fire gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam: 1970, 1971, 1972, 1979 Tre gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam: 1971, 1972, 1973 VM-sølv med Nederland: 1974 og 1978 EM-bronse med Nederland i 1976
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ruud Krol» frå , den 27. mai 2012.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Nederlandske fotballtrenarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Cannes-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980