mini|Ein art i Myotis-familien i småflaggermus-hovudgruppa. Småflaggermus (Microchiroptera) er den eine hovudgruppa av flaggermus (Chiroptera). Den andre gruppa er flygehundar eller fruktflaggermus (Megachiroptera). Namnet småflaggermus er litt unøyaktig sidan fleire artar er større enn nokre av flygehundane. Av dei to undergruppene av flaggermus er det småflaggermus som omfattar flest artsfamiliar og flest artar.

Forskjellar mellom småflaggermusene og flygehundane Småflaggermus brukar ekko til å koordinere, mens dei aller fleste flygehundar ikkje gjer det. Småflaggermus manglar naglen på den andre tåa på forlemen. Øyrene på småflaggermus er ikkje forma som ein lukka ring, men som eitt stort øyre separert i to delar.

Dei fleste småflaggermus lever av insekt. Nokre av dei største artane jaktar i tillegg på fuglar, firfisler, froskar eller til og med fisk. Vampyrflaggermus er ein type småflaggermus som lever av blod fra store pattedyr som kyr og esel. Desse lever hovudsakleg i Sør-Amerika. Generelt er småflaggermus frå 4 til 16 cm lange.

Alle flaggermus som lever i Noreg, er småflaggermus.

mini|Ein av småflaggermus-artane. thumb|200px|Nokre småflaggermus lever på undersida av blad.

Artar og familiar

Småflaggermus er delt inn i desse artane og familiane:

Emballonuroidea Emballonuridae (eng.:sac-winged bats or sheath-tailed bats)

Rhinopomatoidea Rhinopomatidae (eng.:mouse-tailed bats) Craseonycteridae (eng.:Bumblebee Bat or Kitti's Hog-nosed Bat)

Rhinolophoidea Rhinolophidae (eng.:horseshoe bats) Nycteridae (eng.:hollow-faced bats or slit-faced bats) Megadermatidae (eng.:false vampires)

Vespertilionoidea Vespertilionidae «Glattnasefamilien» (eng.:vesper bats or evening bats)

Molossoidea Molossidae (eng.:free-tailed bats) Antrozoidae (eng.:pallid bats)

Nataloidea Natalidae (eng.:funnel-eared bats) Myzopodidae (eng.:sucker-footed bats) Thyropteridae (eng.:disk-winged bats) Furipteridae (eng.:smoky bats)

Noctilionoidea Noctilionidae (eng.:bulldog bats or fisherman bats) Mystacinidae (eng.:New Zealand short-tailed bats) Mormoopidae (eng.:ghost-faced bats or moustached bats) Phyllostomidae (eng.:leaf-nosed bats)

Kjelder Norsk bokmålswikipedia Engelsk wikipedia

Kategori: Flaggermus