Vampyrflaggermus (Desmodontinae) er ei mindre gruppe flaggermus i familien Phyllostomidae, småflaggermus. Ho har berre tre artar.

mini|venstre|Vanleg vampyrflaggermus, Desmodus rotundus, som drikk blod. mini|venstre|Ein av dei tre vampyrflaggermusartane, Diaemus youngi. mini|Hovudskalle av Diaemus youngi.

Flaggermusene lever på blod frå store pattedyr som kyr, hestar og grisar. Bittet i seg sjølv er berre farleg viss flaggermusa er smitta av rabies, elles er det ufarleg. Om lag 0.5% av flaggermysene har rabies. Dei tre artane liknar mykje på kvarandre og er rekna for å vere i slekt, sjølv om dei er plassert i forskjellige slekter. På grunn av at artane liknar meir på kvarandre enn andre artar, tyder det på at songuivorisme (det å leve av blod) berre har utvikla seg ein gong, og at dei tre artane har felles stamfar.

Artar Diaemus youngi Denne arten er den einaste arten i familien Diaemus. Desmodus rotundus Denne flaggermusa lever mest på blod frå kyr og hestar. Diphylla ecaudata Denne lever mest av fugleblod. Arten held til i Sør-Amerika.

Kjelder Engelsk Wikipedia Norsk bokmål-Wikipedia Store Norske Leksikon: Ekte vampyrer

Kategori:Flaggermus