mini|Botanisk teikning av krossknapp.

Krossknapp (Glechoma hederacea) er ei eviggrøn, flerårig urt i leppeblomfamilien. Planta har ein krypande til oppstigande vekst. Han blir 5–30 cm høg, men stengelen kan krype opptil 1 meter. Blada er runde eller nyreforma med ei svakt hårete overside. Blomane sit i mindre kvastar ved bladhjørna på opprette skot. Dei er blåfiolette på farge og har purpurfarga flekkar på underleppa.

Pollenknappen dannar to kvite krossar i blomen, noko som har gjeve planten det norske namnet sitt. Han har ei sterk aromatisk lukt.

Leveområde og utbreiing Krossknapp føretrekk fuktig jordsmonn i mellom anna buskas, kulturmark eller lauvskog. Krossknapp veks i skogkantar, ved gjerde og langs vegkantar. I Noreg er han vanlegast på Austlandet. Han veks nord til Finnmark, men er sjeldan i innlandet og i Nord-Noreg. Truleg er arten ein framandart innført som medisinplante i vikingtida eller i mellomalderen.

Krossknapp veks over store delar av Europa og nord og vest i Asia. Han er også innført i Nord-Amerika og på New Zealand. Han formerer seg og spreier seg raskt og blir sett på av mange som ein invasiv art. Planten vert nytta som staude i hagar, men er invaderande og blir av mange sett på som eit ugras.

mini|venstre|Blomen av krossknapp. Bruk Blome og blad kan brukast til vinlaging. Før han blei erstatta av humleplanten blei krossknapp også brukt til ølbrygging, for å gjera brygget beiskare, klarare og meir haldbart.

Planten er svakt giftig og var tidlegare mykje nytta som feber- og hostemiddel. Han er blitt spreidd i Finland som hageplante, og teken med av europeiske utvandrarar til koloniane.

Variantar Den tidlege, meir djupblå varianten blir ofte kalla vårkrossknapp, og er mindre enn krossknapp. Glechoma hederacea subsp. glabriuscula (Neilr.) Gams Glechoma hederacea var. micrantha (Rchb.) Nyman Glechoma hederacea var. micrantha P.Fourn.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Krossknappslekta