The Book of Taliesyn er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, spelt inn berre tre månader etter Shades of Deep Purple og gjeve ut av Tetragrammaton Records i oktober 1968, like før den første amerikanske turneen deira. Namnet på albumet var henta frå Taliesin-boka frå 1300-talet.
Albumet har same struktur som det første, med fire originallåtar og tre omarrangerte coverlåtar, men spora er lengre, arrangementa meir komplekse og lyden meir polert enn på Shades of Deep Purple. Musikkstilen er ei blanding av psykedelisk rock, progressiv rock og hardrock, med fleire innslag av klassisk musikk arrangert av klaverspelaren i bandet, Jon Lord.
Det amerikanske plateselskapet til Deep Purple sikta seg inn på eit hippie-publikum, som var svært innverknadsrikt i USA på den tida, men albumet og singlane fekk ikkje dei forventa hitlisteplasseringane. Dette tilbakeslaget hindra ikkje suksessen på den tre månader lange USA-turneen, der bandet spelte på mange viktige arenaer og festivalar og fekk positive tilbakemeldingar frå publikum og pressa. Deep Purple var framleis eit undergrunnsband som spelte på små klubbar og universitet i Storbritannia, og som i stor grad vart ignorert av media og publikum. Det britiske plateselskapet EMI gav ikkje ut The Book of Taliesyn før i juni 1969 på det nye undergrunnsunderselskapet for progrock Harvest Records, og albumet hamna ikkje på hitlistene. Sjølv ikkje utgivinga av den nye singelen «Emmaretta» og nye konsertar i Storbritannia sommaren 1969 bidrog til å auka platesalet eller populariteten til Deep Purple i Storbritannia. Oppfatninga av albumet har endra seg i seinare år, og det har fått meir positive meldingar.
Bakgrunn
Deep Purple vart booka til ein lang turné i USA med start i oktober 1968 som følgje av den uventa suksessen i USA og Canada med deira første album Shades of Deep Purple, med hitsingelen «Hush» i spissen.Thompson: s.44Robinson: s.4 Singelen, som kom ut i juni, nådde 4. plassen på den amerikanske singellista og nr. 2 i Canada og var hovudårsaka til den plutselege populariteten til bandet i utlandet. Situasjonen var heilt motsett på heimebane, der bandet hadde vorte kraftig kritiserte av media og publikum.Thompson: s. 44-47
I juli flytta bandet og mannskapet frå West Sussex til London.Bloom: s. 114 Managementet leigde eit hus i 13 Second Avenue, Acton Vale, som vart brukt som bustad og til å førebu den kommande USA-turneen når dei ikkje var ute på spelejobbar eller promotering. Gitaristen Ritchie Blackmore flytta dit saman med den tyske kjærasten sin Babs Hardie.
Leiarane i Tetragrammaton Records, det amerikanske plateselskapet til Deep Purple, meinte det ville vera meir lønnsamt å ha eit nytt album å promotera under USA-turneen, i tillegg til det allereie vellykka Shades of Deep Purple.Thompson: s. 47 Dessutan vart dei åtte spora som vart spelt inn i mai til debutalbumet deira og framført live under dei britiske konsertane i juli og august rekna som utilstrekkelege for konsertane som hovudattraksjon i USA. Av desse grunnane vart dei pressa tilbake i studio berre eit par månader før turneen byrja, sjølv om debutalbumet ikkje var gitt ut i Storbritannia enno.
Komposisjon og innspeling Førespurnaden frå plateselskapet om å spela inn eit nytt album berre tre månader etter debuten gjorde bandet uførebudd, for den intense aktiviteten etter utgivinga av Shades of Deep Purple hadde late etter seg svært lite tid til å skriva og øva inn nye låtar.Thompson: s. 47-48 Under press kom musikarane til slutt opp med fire lange originalkomposisjonar, men for å fylla det nye albumet omarbeidde og utvida dei med tre coverlåtar, og følgde igjen dømet til det amerikanske bandet Vanilla Fudge, som mange av bandmedlemmene beundra. Den første var «Kentucky Woman», ein hitsingel for Neil Diamond i 1967 som Deep Purple framførte live på ei BBC-innspeling i august.Thompson: p. 48 Sjølv om songen vart skriven av Diamond, lener Deep Purple sin versjon seg musikalsk sett mot stilen til Mitch Ryder si innspeling av «Devil with a Blue Dress On». Den andre coversongen var «River Deep - Mountain High», ein singel gitt ut av Ike & Tina Turner i 1966. Til slutt vart Beatles-låten «We Can Work It Out» frå 1965 vald etter at Paul McCartney sjølv skal ha uttrykt at han sette pris på Deep Purple-versjonen av «Help!»
1. august 1968 gjekk Deep Purple inn i De Lane Lea Studios i Kingsway i London, saman med produsenten Derek Lawrence og lydteknikaren Brian Aintsworth, som begge hadde jobba med deira førre album. Forskotet frå Tetragrammaton på 250 000 dollar vart brukte til å booka to veker i studio, ei tid som dekka både låtskriving, øving og innspelingsøkter.Bloom: s. 115 Det vart løyvd meir tid enn til innspelinga av Shades of Deep Purple i mai, noko som gav næring til ambisjonane til bandet om å komma opp med betre originalmateriale enn på det førre albumet.
Deep Purple spelte inn «Shield» og «Anthem» den første dagen. På den første låten speler Ian Paice eit komplekst trommemønster som høyrest ut som ein gjenteken samanstøyt av glasgjenstandar, medan den andre kravde ein strykekvartett for barokkstil i midten.Bloom: s. 116 Dei neste dagane heldt dei fram med komposisjon og innspeling av «Exposition/We Can Work It Out» og av originalsporet «Listen, Learn, Read On». Den 19. august avslutta dei desse øktene med ei innspeling av «Kentucky Woman» og den tunge og livlege instrumentalen «Wring That Neck», som kom ut av eit tett samarbeid mellom Blackmore og bassisten Nick Simper. Namnet «Wring That Neck» kjem frå ein frase bandet brukte når dei spelte live, og skildra at bassisten eller gitaristen verkeleg sprengde på instrumenta sine for å laga ein hard lyd (dvs, å klemma, eller «vri», på gitarhalsen). Ein annan instrumental kalla «Playground» vart skriven og spelt inn 18. august, men teksten vart aldri ferdigstilt og han vart til slutt forkasta. «River Deep - Mountain High» var heile tida meint som det siste sporet, så innspelinga vart utsett til dei andre spora var ferdige. Perfeksjonismen til musikarane kravde ekstra tid til å fullføra sporet, og det vart først spelt inn 10. oktober, lenge etter den planlagde fristen for studioinnspeling.
Lydmiksinga skulle eigentleg overvakast av bandmedlemmene, men timeplanen deira i oktober var så stram at Lawrence gjorde det utan dei.Robinson: s. 6 Dette forferda bandet til å byrja med, men lyden vart reinare, tyngre og meir polerte enn på debuten. Albumet vart miksa i både mono og stereo, men monobandet vart kasta, ettersom verken Tetragrammaton eller EMI, det britiske plateselskapet til Deep Purple, hadde bruk for dei.
Utgiving Albumet vart gitt ut i USA i oktober 1968, akkurat i tide til turneen. Det amerikanske plateselskapet insisterte på å endra tittelen på instrumentalen «Wring That Neck», som vart rekna som for valdeleg, til «Hard Road». Sporet vart brukt som B-sida på singelen «Kentucky Woman», gitt ut i oktober 1968. The Book of Taliesyn nådde 54. plassen på den amerikanske hitlista og 48. plassen på den kanadiske hitlista. Singelen nådde 38. plassen i USA og vart mykje spelte på radio,Bloom: s.120 men kopierte ikkje suksessen til «Hush».
I eit forsøk på å auka salet av albumet vart ein kortare og sterkt redigert versjon av «River Deep - Mountain High» gitt ut som singel eksklusivt i USA og Canada i februar 1969 med «Listen, Learn, Read On» som B-side. Den nådde høvesvis nr. 53 og nr. 42 i dei to landa og vart ingen suksess, med lågare plassering enn «Kentucky Woman».Robinson: s. 7 Albumet vart distribuert i Canada (i 1968) og Japan (i juni 1969) av Polydor Records.
EMI utsette utgivinga av albumet i Storbritannia til juni 1969 etter at bandet hadde komme tilbake frå USA og sett opp ein skikkeleg turné i heimlandet.Thompson: s. 50 På det tidspunktet hadde bandet allereie spelt inn og gitt ut sitt tredje album Deep Purple i USA, og spelt inn ein singel med ny besetning.Robinson: s. 10 The Book of Taliesyn var den første utgivinga på Harvest Records, eit nytt underselskap som EMI-leiinga hadde utvikla som ein kanal for britiske undergrunnsgrupper innan progressiv rock.Thompson: p. 63 «Kentucky Woman», med «Wring That Neck» som B-side, var den einaste singelen som vart gitt ut i Storbritannia i desember 1968, men han vart trekt tilbake etter berre seks veker.Robinson: s. 8 Akkurat som med Shades of Deep Purple året før, fekk både albumet og singelen lite promotering og vart oversett, og selde mykje mindre i Storbritannia enn i utlandet.
The Book of Taliesyn vart gitt ut på nytt mange gonger over heile verda, ofte saman med dei to andre albuma som vart spelt inn av Mark I-besetninga. I tillegg til originalutgåvene er den viktigaste versjonen av albumet den ommastra CD-utgåva frå 2000 av EMI, som inneheld tidlegare upubliserte opptak frå sesjonane i august og desember 1968 og frå TV-opptredenar som bonusspor. Alle låtane vart digitalt remastra av Peter Mew i Abbey Road Studios i London. Andre oppsiktsvekkjande nyutgivingar av albumet inkluderer ein kvit vinyl samlarutgåve gitt ut i 2015 i samband med Record Store Day.
Musikalsk stil Den musikalske stilen på The Book of Taliesyn er ei blanding av progressiv rock, psykedelisk rock og hardrockThompson: s. 49 og ulike observatørar meiner at bandet på dette albumet er meir modent og har større kontroll over sitt eige uttrykk.Robinson: s. 5 Kritikarane framhevar at komposisjonane generelt er lengre og meir komplekse enn på debutalbumet. Deep Purple-biografen Dave Thompson skreiv at ei mørk stemning gjennomsyrar The Book of Taliesyn med lite til felles med poprock, og nemner påverknader frå det amerikanske bandet The Doors i dei opphavlege spora som vart skrivne for dette albumet.
Påverknaden frå den klassiske musikkoppsedinga til klaverspelaren Jon Lord er sterkt merka i alle spora, men denne gongen var han ikkje hovudansvarleg for låtskrivinga og arrangementa, som av kritikarar blir rekna som den første verkelege gruppeinnsatsen til Deep Purple. Interessa til Lord for blanding av rock og klassisk musikk skulle kulminera i slutten av 1969 med suiten Concerto for Group and Orchestra, men allereie i eit intervju i 1968 definerte han Deep Purple som eit symfonisk rock-band. Nick Simper klaga over den overdrivne innverknaden til Lord på komposisjon og arrangement i eit intervju frå 1983, noko han sa «resulterte i ein mangel på retning for bandet.» «Anthem» er kanskje den djupaste satsinga til bandet på klassisk musikk på eit vanleg studioalbum, med sitt barokkaktige mellomspel som minner om ein Bach-fuge skriven av Lord og framført på Mellotron og med strykekvartett. Ei liknande tilnærming finn me på King Crimson sitt debutalbum, gitt ut eitt år seinare. Omarrangerte utdrag frå andre sats av Beethoven sin sjuande symfoni og Tsjaikovskij sin Overture-fantasi «Romeo og Julie» finst i den instrumentale introen «Exposition», medan «River Deep, Mountain High» blir innleidd med notane til «Also sprach Zarathustra», skriven i 1896 av Richard Strauss og svært populær etter at han vart inkludert i filmen 2001: A Space Odyssey, som vart vist tidlegare i 1968.
«Wring that Neck» og «Kentucky Woman» viser fleire spor av den tyngre musikken som bandet skulle omfamna på 70-talsalbuma med Mark II-besetninga. Blackmore sitt gitarspel blir generelt hylla av kritikarane. I eit nyleg intervju definerte gitaristen likevel albumet som «teit» og hugsa at han enno ikkje hadde funne sin eigen spelestil på innspelingstidspunktet.