Rapture of the Deep er det 18. studioalbumet til det engelske hardrockbandet Deep Purple, gitt ut i oktober 2005. Det er det fjerde studioalbumet frå Deep Purple sidan Steve Morse slutta seg til bandet i 1994 og det andre med klaverspelaren Don Airey. Albumet vart produsert av Mike Bradford, som òg produserte førre utgivinga til bandet, Bananas.
Utgjeving og mottaking
Til liks med Bananas fekk albumet generelt positive meldingar frå kritikarar og fans. Rapture of the Deep er den første utgivinga til Deep Purple i Europa på det tyske plateselskapet Edel Records, medan plata i USA vart gitt ut på Edels underselskap Eagle Records.
Albumet nådde 43. plassen på Billboard Top Independent Albums. I USA selde albumet 2 500 eksemplar den første veka. I Storbritannia selde albumet 3 500 eksemplar i løpet av den første veka og 1 200 eksemplar veka etter. Det nådde òg topp 20 på fleire europeiske hitlister. Tittelsporet «Rapture of the Deep» vart gitt ut som promosingel i 2005.
I sporet «Money Talks» har vokalisten Ian Gillan det største vokalspekteret som er høyrt på nokon Deep Purple-innspeling, med ein dobbeltspora djup bassvokal i brua og eit høgt skrik i avslutninga av songen.
Innhald Standardutgåve Alle songar skrivne av Ian Gillan, Roger Glover, Steve Morse, Don Airey og Ian Paice, utanom der andre er nemnde
Medverkande Deep Purple Ian Gillan – vokal Steve Morse – gitar Don Airey – klaverinstrument Roger Glover – bass Ian Paice – trommer
Produksjon Produsert og lydteknisk utført av Michael Bradford Innspelt i Chunky Style Studios, Los Angeles, CA, 2005 Mastering av Andy Van Dette i Masterdisk. New York
Salslister Liste (2005) PlasseringDen tsjekkiske albumlista 32Den japanske albumlista (Oricon) 240 Den polske albumlista 40
Utmerkingar Publikasjon Land Utmerking ÅrPlassering Classic Rock Storbritannia «Classic Rock Album of the Year 2005» 2006 24
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rapture of the Deep» frå , den 17. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Deep Purple-album Kategori:Edel AG-album Kategori:Album produserte av Michael Bradford