Hans-Wilhelm Steinfeld () er ein norsk journalist og historikar. Han er tilsett ved NRK og har spesialisert seg på austeuropeiske og spesielt russiske tilhøve. Han var korrespondent i Moskva i periodane 1980-1984, 1988-1994, 2000-2003 og igjen frå 2010. Han er særleg kjent for journalistisk arbeid i Sovjetsamveldet og Russland og på grunn av fleire intervju med Mikhail Gorbatsjov, Boris Jeltsin og Nikolai Ryzhkov under kollapsen av Sovjetsamveldet.
Utgjevingar Bakgrunnen og forutsetningene for kollektiviseringen av det nordkaukasiske kornområdet i Sovjetunionen 1927-1930 (1976) Arven etter Bresjnev (1982) Istid i Moskva (1984) Tøvær i øst (1986) Le, Kamerat (1987, under pseudonymet G.V. Sjutkin (Gans Vilgelm Sjteinfeld) Nærbilder fra et politisk jordskjelv (1990) Tilbake til Europa (1991) Fremover mot fortiden (1993) Fedrenes arv (1996) – roman Solsikker på Balkan (1999) Frihetens bitre tiår (2001) Hatet i Europa (2009)
Prisar
Skandinaviska Journalistpriset (1989) Narvesenprisen (1990) Cappelenprisen (1990) Peer Gynt-prisen (1991) Ærespris Litauens journalistforbund (1992) Medaljen for 13. januar, Litauen (1992)
Kjelder
Wikipedia på tysk og bokmål om Hans-Wilhelm Steinfeld, henta inn den 5. juni 2012.
Kategori:NRK-journalistar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Vinnarar av Cappelenprisen